Palmesøndag – Jesus rid inn i Jerusalem

palmesøndag3.jpg
Bilete av ukjend kunstnar, kanskje ein frå mormonarane eller Jehovas vitne, dei er nokre gongar vanskelege å finne.

Det er fest og glede i dette biletet av Jesus som rid inn i Jerusalem. Dei grøne vekstrane oppover husa gjev eit frodig og gledesfylt inntrykk av noko godt som Jesus kjem med. Gleda i andleta til tilskodarane kjem ikkje berre frå dei som står rundt, men også frå somme som tittar ned frå høgare etasjer. Og dei ropar:

Hosianna, Davids son!
Velsigna er han som kjem i Herrens namn!
Hosianna i det høgste!

Og borna har ein viktig plass i biletet. Legg merke til dei to på venstre side. Dei er så godt framstilte, og viser noko som berre born kan vise ordentleg. Kristin Solli Schøien seier i ei av sine fine viser (Palmesøndagssangen):

Barna som danser og synger og ler,
De er de første som ser det som skjer.
Barna som roper og danser og ler,
Hosianna! Her hører de hjemme.

Når Jesus rid på eit esel, oppfyller han ikkje berre ein profeti frå profeten Sakarja, men viser at han er audmjuk og ein konge som kjem med fred.Slik seier profeten:

Bryt ut i jubel, dotter Sion!
Rop av glede, dotter Jerusalem!
Sjå, kongen din kjem til deg,
rettferdig og rik på siger,
fattig er han og rid på eit esel,
på ein eselfole.
Eg vil rydja ut vognene i Efraim
og hestane i Jerusalem,
stridsbogen skal brytast sund.
Han skal tala fred for folkeslaga,
hans velde skal nå frå hav til hav,
frå Storelva til endane av jorda.

Sjå Matteus 21,1–11, Markus 11,1–11, Lukas 19,28–40, Johannes 12,12–19.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"