Påskedag – Jesus står opp

Jesus_oppsteden_Maria2o.jpg
Min gjenløysar lever! (My redeemer lives!) Maleri av samtidskunstnaren Roger Loveless, nedlasta frå hans nettsider.

Det er evangelisten Johannes som fortel oss om når Maria Magdalena sit syrgjande ved grava, og brått forstår kven som står framføre henne. For ei stund det må ha vore!

Kunstnaren har måla korleis ho mister lommetørkleet. Eg veit ikkje om dei hadde lommetørkle den gongen – det er vel heller tvilsamt. Men som eit kunstnerisk grep er det veldig effektfullt. Det gjev oss eit inntrykk av det intense sjokket.

Så mange draumar hadde vorte knuste då Jesus vart drept. Dei som var glade i han hadde følt dette uverkelege som ein føler når nokon ein er verkeleg glad i er borte. Og no noko som synest like uverkeleg, men fylt av glede i staden for sorg. Kan dette vere verkeleg? Kan noko så fantastisk godt skje?

Og ho utbryt:

«Rabbuni!»

Ordet er ein variant av det arameiske ordet «rabbi», som tyder «lærar». Når ordet vert endra til «rabbun», tyder det ein meister-lærar, den mest ærefulle tittelen ein jødisk lærar kunne få. Og med ein «i» på slutten seier det at han er hennar meister-lærar. Så ho kan forståast som å utbryte:

«Min meister-lærar!»

Jesus hadde også mange kvinner som lærlingar, og Maria Magdalena var tydelegvis ein av dei. Vi høyrer ikkje så mykje meir om henne sidan, men ho har ganske sikkert spelt ei viktig rolle. Å verte undervist av Jesus sjølv må ha forandra hennar liv sterkt, og denne stunda må ha forandra henne meir enn noko anna.

Sjå Johannes 20,11–18.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"