Hald fast på trua

Andakt til 15. november, 24. søndag i treeinigskapstida, ved frivillig webredaktør Knut Arnold Kvalsvik.

Hald fast på trua

Bilete laga av kunstnaren Bruce Rolff, kjøpt på Dreamstime: Illustration 151448604 © Rolffimages - Dreamstime.com

Bibeltekst: Johannes 6,63–69:

Det er Anden som gjer levande; kjøt og blod kan ingen ting gjera. Dei orda eg har tala til dykk, er ånd og liv. Men det er nokre av dykk som ikkje trur.» For Jesus visste frå første stund kven det var som ikkje trudde, og kven som skulle svika han. Og han la til: «Difor sa eg dykk at ingen kan koma til meg utan at det blir gjeve han av min Far.» Etter dette drog mange av læresveinane hans seg unna og gjekk ikkje omkring med han lenger. Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?» Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage.»

Johannes-evangeliet er det poetiske og filosofiske evangeliet, i sterk kontrast til dei 3 andre evangelia. Her finn vi lange diskusjonar, og orda over er ein del av ein sånn diskusjon.

Jesus hadde vist folket brød-underet, der han metta fem tusen. Så hadde han byrja å snakke til lærlingane sine om at han sjølv var brødet frå himmelen som kom ned og ga verda liv. Han snakka om at dei måtte ete hans kjøt og drikke hans blod, ord som dei den gongen ville forbinde med offer til gudane. Jesus ville sjølv verte offeret som vart ofra for deira skuld. Og berre i han var det evig liv, som Den Heilage Ande ville gje dei. Dei kunne ikkje erverve seg dette på eiga hand.

Kva lærlingane tenkte om dette, veit vi lite om, men det var tydeleg at dei ikkje likte det, for mange av dei trakk seg no tilbake frå han. Dei fann vel ut at han ikkje svarde til dei forventningane dei fyrst hadde hatt til han, kva enn desse forventningane hadde vore. Dei var skuffa.

Men dei tolv vart likevel verande. Det er Peter som tek føringa, og erklærer at dei ikkje ser nokon andre stadar å gå. Det evige livet som Jesus talar om, er nettopp det dei vil ha, og dei trur på det han seier, at berre i han kan dei finne det.

Dei skulle komme til å halde fast på dette standpunktet resten av livet. Mange av dei skulle komme til å lide martyr-døden, men dei sto fast på si tru til enden.

Vi som lever i Norge i dag, har vel liten risiko for å verte martyrar. Men vi kan kanskje likevel lure på om vi kan klare å halde fast på trua. Og det kunne vi nok ikkje viss det berre var opp til oss. Men trua inne i oss er eit verk av Den Heilage Ande. Når Paulus snakkar om korleis han er trygg på at dei kristne i Korint skal førast fram til den siste dag, så har han ikkje denne tilliten på grunn av dei sjølve, men på grunn av Gud: Han skal òg grunnfesta dykk til enden kjem, så de kan stå ulastelege på vår Herre Jesu Kristi dag. Gud er trufast, han som har kalla dykk til fellesskap med sin Son, Jesus Kristus, vår Herre. (1 Korintarbrev 1,8–9)

Den engelske predikanten og forfattaren John Bunyan (1628–1688) publiserte i 1678 fyrste del av ei bok som skulle verte veldig kjend: The Pilgrims Progress, eller Pilegrimen si vandring. Hovudpersonen i fyrste del heiter «Kristen» («Christian»), og eit stykke ute i forteljinga er han komen til huset til ein som vert kalla «Fortolkaren». Denne Fortolkaren forstår eg som eit bilete på Den Heilage Ande. Fortolkaren viser Kristen mange ting, m.a. dette forunderlege tablået:

Fortolkaren tok Kristen i handa og leidde han ut på ein plass der det var ein eld som brann oppetter ein mur. Ved sidan av sto det ein som heile tida tømde på ei masse vatn for å slekkje flammane, men dei brann berre høgare og heitare.
Då sa Kristen: «Kva tyder dette?»
Fortolkaren svarde: «Denne elden er det verk som nåden utfører i hjertet. Han som tømer på vatn for å kvele og gjere ende på elden, er Djevelen. Men det at du ser at elden, trass i dette, brenn berre høgare og heitare, skal du også få sjå grunnen til.»
Så tok han han med seg til baksida av muren, der han såg ein mann med ei oljekanne i handa. Frå denne tømde han heile tida inn i elden, men i løynd.
Då sa Kristen: «Kva tyder dette?»
Fortolkaren svarde: «Dette er Kristus, som med sin nåde-olje stadig held oppe det verk som alt er byrja i hjertet. På denne måten vert nåden verande i sjelene til hans folk, trass i alt Djevelen finn på. Og når du såg at mannen sto bak muren for å vedlikehalde elden, så er det for å vise deg kor vanskeleg det er for den som vert freista å sjå korleis dette nåden sitt verk vert helde oppe i sjela.»

Sidan eg fyrst las denne boka, har eg fleire gongar kome tilbake til denne scena. Vi ser ikkje korleis Gud virkar i oss, men Gud er der likevel – så lenge vi vil det sjølve.

pilgrim_firebywall.png
Gamal illustrasjon til Bunyan si bok, av Henry Courtney Selous (1803–1890)
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"