Kjære frivillige i Arna kyrkjelyd!
Takk til deg som gjer av di tid for andre i ei frivillig teneste i kyrkjelyden vår!
Staben i Arna kyrkjelyd inviterer til FEST torsdag 22. oktober kl. 18.00 i Arna kyrkjelydshus.
Alle som har ein eller fleire oppgåver i kyrkja er velkomne.
Du må melde deg på innan 15. oktober. Festen er gratis!
Gje oss beskjed om eventuelle allergiar.
Ta kontakt med Arna kyrkjekontor:
Telefon: 55 36 22 70
Epost: arna.menighet@kyrkja.no
Det ligg liste i våpenhuset i kyrkja om du heller vil skrive deg på sjølv.
På festen har vi fokus på det sosiale. Vi er glade for at vi kan få vere i lag.
Det blir god mat, andakt og song, og det skal vere god tid til å prate saman.
Du er varmt velkomen!
Med helsing staben ved Arna kyrkjekontor
