Hovedbilde for tema

Dåp i Arna kyrkje

Dåp

Hjarteleg velkommen til dåp!

Dåpsdagen er ei markering og feiring av barnet som er fødd, men dåpen er også noko meir. Dåpen er eitt av dei to sakramenta i kyrkja – ei heilag handling som kyrkja utfører på oppdrag frå Jesus.

Det er mange kjensler knytte til det å halde eit lite barn i armane. Glede, undring og takksemd. Når eit barn blir døypt, blir det lagt i Guds hender og blir Guds barn. Gjennom dåpen blir barnet også medlem av kyrkja.

Dåp i Arna kyrkje

I Arna kyrkje er det vanlegvis dåp ein til to søndagar i månaden, ofte i samband med familiegudstenester.

I tillegg har vi eigne dåpsgudstenester om lag éin gong i månaden. Her er songar, preike og tekstlesingar særleg tilpassa dåpen som tema. De får også feire dagen saman med andre familiar som har kome til kyrkja for å døype barnet sitt.

De er hjarteleg velkomne til dåp hos oss, uansett kvar de bur.

Det kan likevel vere fint å døype barnet i kyrkjelyden der de bur. Det er den lokale kyrkjelyden som vil invitere barnet til ulike trusopplæringstilbod gjennom oppveksten. Dersom de vel å døype barnet i ein annan kyrkjelyd, har de den førebuande dåpssamtalen i kyrkjelyden der de bur.

Dåpsdagen er starten på noko meir

Dåpsdagen er ein stor festdag, men dei viktigaste dagane er alle dei som kjem etterpå. Dåpen er starten på ei vidare oppfølging og opplæring i den kristne trua.

I dåpen får foreldre og fadrar del i eit heilagt ansvar. Dei tek på seg ei oppgåve med å gi barnet omsorg, be for barnet, lære barnet å be og hjelpe det til å bli kjent med Guds ord og ta del i nattverden.

Målet er at barnet skal få moglegheit til å leve og vekse i trua på Jesus.

Dette løftet gir foreldre og fadrar når dei svarar «ja» på spørsmålet frå presten om dei vil at barnet skal oppsedast til eit liv i den kristne trua.

Val av fadrar

Fadrane får ei viktig rolle i livet til barnet. Dei skal, saman med foreldra, vere med og støtte barnet i den kristne trua og gjennom oppveksten.

Når de vel fadrar, kan det derfor vere fint å tenkje gjennom kven de ønskjer skal vere gode støttespelarar for dykk og barnet i åra som kjem.

Påmelding til dåp

Kyrkjetorget hjelper dykk med det som gjeld påmelding til dåp.

E-post: kirketorget.bergen@kirken.no
Telefon: 55 59 32 10

Har de spørsmål om dåp i Arna kyrkje, kan de også ta kontakt med kyrkjelydskontoret på 55 36 22 70, eller sende oss ein e-post.

Hjarteleg velkommen til dåp i Arna kyrkje!

Kontakt