Velkommen som konfirmant i Arna kyrkjelyd!

Kan ikke laste video uten samtykke for bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Informasjon om konfirmantiden! 

Ei tid for nye opplevingar!
Konfirmanttida er ei tid for å tenke andre tanker, få gode opplevelser og kanskje nye venner! I konfirmanttida kan du bli betre kjend med deg sjølv, Gud og kva trua kan bety i livet ditt. No er det kanskje din tur?!

SLIK MELDER DU DEG PÅ  
Påmeldinga opnar torsdag 28. mai kl. 10.00 

Påmelding på nett vil vere open til fredag 26. juni kl 15.00
Du kan òg kome innom Arna kyrkjekontor og melde på om du synest det er ei enklare løysing for deg.
Du kan sjølvsagt melde på etter 26/6, men om du venter, kan det bli fullt på dei gruppa du helst ønskjer. 

Påmeldinga skjer i to omgangar. Vi trur at det viktigaste for dykk er å få konfirmasjonsdato. 
Derfor er det berre det du skal velje i det første skjema. 

Dette må du ha klart til påmeldinga: 
konfirmanten og føresette sitt namn, adresse, mobilnummer og epostadresse 
 konfirmanten sitt fødsels- og personnummer  
Ønske om konfirmasjonsdato 
Datoane er: 
2. mai 
8. mai 
9. mai 


Klikk på lenka under for å kome til påmeldingsskjema 1: 

KONFIRMANTPÅMELDING


Det andre skjemaet er meir omfattande, så det kan du bruke litt lengre tid på. 
Lenke til skjema 2 finn du til slutt i denne artikkelen. 

INFORMASJONSMØTE 
Onsdag 27/5 kl 1730-1900 er det informasjonsmøte i Arna kyrkje. Det er for både konfirmantar og føresette. 

KONFIRMANTTID FOR ALLE 
Alle som er døypt i Den norske kyrkje, er fødd i 2012 og som bur i Arna får brev med invitasjon til å vere konfirmant i Arna kyrkje. 
I konfirmanttida vil du få nye opplevingar og kanskje nye venner! 
Du får lære om Gud, bli betre kjend med den kristne trua og du får anledning til å tenke over kven du er og kva du står for. 
I konfirmasjonshandlinga ber vi Gud om å velsigne og styrkje kvar enkelt konfirmant. 

Kryss av i skjemaet dersom vi skal kontakte deg og snakke om kva ungdomen din treng. 
Kanskje det ikkje passar med konfirmasjon i år? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss om 
å få ny invitasjon neste år. 

SAMLINGAR 
Konfirmanttida startar i september og avsluttast med konfirmasjon i mai. 
Konfirmantane skal delta på gudstenester, aktivitetar, leir, basar og samlingar med alle og i mindre grupper. 
Alt dette er obligatorisk. 
Etter at den digitale påmeldinga lukker, fordeler vi konfirmantane i dei gruppene dei ønskjer. 
Når det er klart, sender vi epost med plan for det som skjer framover. 

LEIR 
Mange opplever at leir er eit høgdepunkt i konfirmanttida. 
Du kan velje mellom to leirtilbod: 
 Alternativ 1: Leir på Raknestunet på Osterøy, 8.-10. januar 
Pris: kr 1800 
Leiren er berre for Arna-konfirmantar. 

Alternativ 2: konfACTION i Norheimsund, 27. februar til 2. mars. 
Pris: kr 2800 
Her møtast fleire hundre konfirmantar frå mange stader. 
Sjå: krik.no/konfaction-vest. 

PRIS 
Konfirmantavgifta inkluderer m.a. Bibel, mat, innleigde gjestar og leir. 
Du betaler inn kr 1800 eller kr 2800 alt etter kva leir du vil vere med på. 
Det går fint å dele opp avgifta. 
Om det er vanskeleg for dykk å betale, ta kontakt. 

KOMMUNIKASJON 
SPOND: vi nyttar i hovudsak Spond og epost for å gje meldingar til konfirmantar og føresette. 
Du må laste ned Spond-appen og bli med i gruppa. 
Då får de ei grei oversikt over kva som skal skje. 

 

Skann QR-kode til gruppa som heter Arna Konfirmant 26-27
Gruppekode: RWLVB

GUDSTENESTER 
Alle konfirmantane skal gå på minst 8 gudstenester. 
Konfirmanten tek bilete saman med presten etter gudstenesta og sender det på melding på Spond for å få den registrert. 
I Arna kyrkje er det gudsteneste kvar søndag kl.11.00 og ein onsdag i månaden kl.1830. 

KONFIRMASJON 
Det blir konfirmasjonar 2., 8. og 9. mai 2027. 
Du vel dato i påmeldinga. 


 Klikk på lenka under for å kome til påmeldingsskjema 2: 

KONFIRMANTPÅMELDING
 

Vi gler oss til å møte deg og håper vi får ei fin konfirmanttid saman. 

Helsing konfirmant-teamet i Arna kyrkjelyd 
v/ kateket Cathrine Snipsøyr 

Konfirmasjon og dåp

Dersom du ikkje er døypt kan du likevel bli konfirmert i kyrkja. Over tusen ungdommar blir kvart år døypt i løpet av konfirmasjonstida. Du får god informasjon på førehand og på sjølve dåpsdagen har du med deg dine næraste, til ein fin seremoni. Ta kontakt med oss, så avtaler vi

Konfirmasjonsdatoar 2027

Sundag 2. mai 
Laurdag 8. mai 
Sundag 9. mai 

Ofte stilte spørsmål

Foreldre og føresette har ofte spørsmål knytte til kven som kan delta i konfirmasjonstida, og kva som krevst for å vere med. Her er nokre av dei mest stilte spørsmåla rundt konfirmasjon og konfirmasjonstida. Har du andre spørsmål eller lurer på noko rundt opplegget, ta kontakt med oss for meir informasjon.

Barnet vårt står som tilhøyrande til Den norske kyrkja, men er ikkje døypt. Kan han eller ho konfirmerast?

Barnet dykkar kan melde seg på til konfirmasjonen og delta i konfirmasjonstida. For å bli konfirmert må ein vere døypt. Dette kan skje i løpet av konfirmasjonstida.

Ingen av oss foreldre er medlemmar i Den norske kyrkja. Kan barnet vårt konfirmerast?

Det er ikkje krav om at nokon av foreldra skal vere medlem i Den norske kyrkja for at ein ungdom kan velje å konfirmere seg. Konfirmasjonstida føreset ikkje dåp, men den avsluttande gudstenesta gjer det. Dåpen er ein føresetnad for å delta i den avsluttande forbønsgudstenesta. Slik blir dåpen si grunnleggjande betydning for tru og tilhøyrsle til Kristus og kyrkja understreka. Den religiøse myndigaldeeren er 15 år.

Ungdommen vår vil melde seg på til konfirmasjonsopplegget, men ønskjer å vere i ei anna kyrkjelyd enn der vi bur. Er det mogleg? Kostar det noko?

Ungdommen kan velje ei anna kyrkjelyd enn den de bur i. Ta kontakt med kyrkjelyda der ungdommen ønskjer å delta, og høyr om det er plass. Der vil de òg få informasjon om eventuelle kostnader.

Ungdommen vår er 16 år og ønskjer å bli konfirmert. Kva gjer vi?

Det er mogleg å bli konfirmert sjølv om ein er over 15 år. Sjølv vaksne kan bli konfirmerte – det finst inga øvre aldersgrense. Ta kontakt med oss for meir informasjon.

Ungdommen er uroleg for overnattingstur. Kva gjer vi?

Mange ungdommar opplever leir som eit minne for livet. Dei tilsette og dei unge medarbeidarane gjer sitt beste for at det skal bli eit godt minne. Derfor er det bra at dei ansvarlege veit om uro og utfordringar den enkelte konfirmanten kan ha. Ta kontakt, så finn vi gode løysingar på utfordringane saman.

Ungdommen vår har dysleksi og er redd for å lese høgt eller gjere noko anna der det blir tydeleg at leseferdigheitene er dårlege. Kva kan eg som forelder gjere?

Vi ønskjer å leggje til rette for ei trygg og fin konfirmasjonstid for alle. Ta derfor kontakt på førehand, så finn vi ei løysing saman.

 

Barnet vårt er eigentleg for ungt til å konfirmere seg, men vil vere saman med vennene sine som er eitt år eldre.

Når det gjeld rammene for konfirmasjonstida i Den norske kyrkja, skal konfirmasjonen normalt gjennomførast det året konfirmanten fyller 15 år. Dersom det er særskilde omstende, kan kyrkjelyda gjere unntak. Ta kontakt med oss og fortel kvifor de ønskjer konfirmasjon no.

Bur familien i utlandet?

Unge som er busette utanfor Noregs grenser, kan vere «nettkonfirmantar» i regi av Sjømannskyrkja.

Alle norske ungdommar som bur i utlandet, skal få tilbod om ei konfirmasjonstid. Derfor tilbyr alle sjømannskyrkjene i utlandet eit konfirmantopplegg knytt til kyrkja. For dei som bur langt unna ei sjømannskyrkje, kan nettundervisning vere eit alternativ. 

Meir info her

Tilrettelagt konfirmasjonstid i Bergen

Tilrettelagt konfirmasjonstid i Bergen

Kyrkja i Bergen har eit eige spennande konfirmanttilbod for unge med utviklingshemming i Bergen og omegn, med samlingar annakvar veke. Tilbodet held til i Åsane kirke.

Meir info

 

Kontakt