Velkommen til babysong

Babysong er ein koseleg og sosial møteplass for deg som er heime med ein baby. Gjennom song, rytme, rørsle og leik får barnet utforske lyd og musikk, samtidig som de får ei fin stund saman.

Publisert:

Velkommen til babysong

Velkomen til babysong i Arna kyrkjelyd!

 

På babysong handlar det ikkje om å vere flink til å synge – her kan alle vere med! Stemmen din er kjend og trygg for barnet ditt, og gjennom song og nærleik får de dele gode opplevingar og styrkje samspelet mellom dykk.

Babysong er også ein møteplass for dei vaksne. Etter songstunda samlast vi til kaffi, te og litt å bite i, med god tid til ein prat og til å bli kjend med andre småbarnsforeldre.

Vi syng både kjende barnesongar, regler og songar frå den kristne barnesongtradisjonen. Kanskje finn du også nokre nye favorittar som de kan ta med dykk heim og bruke i kvardagen.

Alle er velkomne, uavhengig av tru eller tilknyting til kyrkja.

Praktisk informasjon

Babysong passar for babyar frå ca. 2–12 månader.

Tid: Torsdagar kl. 10.30–12.00
Stad: Loftet i Arna kyrkjelydshus
Pris: 100 kr per år / 50 kr for søsken
Enkeltgong: 30 kr

Etter songstunda serverer vi kaffi/te og litt å bite i.

Velkomen til ei hyggeleg stund med song, leik, nærleik og fellesskap!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"