Visitas i Luster

Biskop Ragnhild var 25. - 31. august 2025 på visitas i kyrkjelydar i Luster: Fortun, Dale, Nes, Gaupne, Jostedal, Fet og Joranger, Hafslo og Solvorn. Her kan du lesa visitasføredraget.

Publisert:

Frå Dale kyrkje i Luster. Foto: Ragnhild Jepsen
Frå Dale kyrkje i Luster. Foto: Ragnhild Jepsen
Biskopen rapporterte undervegs på sin facebook-konto:
– Bispevisitas i Luster er ei stor oppleving med flotte menneskemøte, alpakkaer rett utanfor hotellrommet, møte med kommuneleiinga som har flotte tankar om korleis vi kan skape gode lokalsamfunn saman, kafé Kvild der folk kan møtast for ein prat eller berre ein god stad å vere, besøk på arbeidstreningssenteret, heile oppvekstsenteret på Indre Hafslo på kyrkjebesøk, ein klokketime med 10.klasse som verkeleg utfordrar biskopen med gjennomtenkte spørsmål, ein liten privat avstikkar til Harastølen (det har eg hatt så lyst til), og veldig fint samrådingsmøte med alle dei sju sokneråda i kommunen. Alt dette på ein dag!
Og treng eg nemne det: Naturen som kan ta pusten frå ein med storslagen skjønnheit. Eg er heldig!
 

Preike på gudsteneste for kyrkjeleg tilsette

Som del av vistasen, feira biskopen gudsteneste med dei tilsette i prostiet. I preika på denne gudstenesta over teksten frå Ef. 4, 11-16, delte biskopen det som var ei ny oppdaging for henne. Preika kan du sjå her:
 
 

Tre utfordringar

Biskopen avslutta visitasføredraget med tre utfordringar:
  • Gå til gudsteneste regelmessig, både i di eiga kyrkje og på fellesgudstenester. 
  • Legg til rette for likeverdig samarbeid. Ha felles møte for alle sokneråd og fellesrådet der de kan halda fram med den gode samtalen om samarbeid, organisering og strategi. 
  • Sats på kultur og fellesskap over soknegrensene. 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"