Bjørgvin bispedømeråd gjorde i møte 9. februar 2007 vedtak om nytt standardreglement om betaling for bruk av kyrkja. Dette reglementet erstattar reglane som vart vedtekne i bispedømerådet 28. august 2001. Reglane er "maksimumsreglar". Det vil seia at alle lokale variantar som kostar leigetakarane/brukarane mindre enn det som går fram av dette standardreglementet, er godkjende. Dersom fellesrådet ønskjer å ta meir betalt enn det regelverket opnar for, må det søkjast til Bjørgvin bispedømeråd om dette.
Reglar om betaling for bruk av kyrkja
Bjørgvin bispedømeråd har vedtekte reglar om betaling for bruk av kyrkjene i bispedømet. Desse reglane gjeld for alle kyrkjer i Bjørgvin.

Det kostar å leiga ei kyrkje til f.eks. brudlaup, med organist, prest, kyrkjetenar osv. Dette gjeld særleg i dei tilfella der ein ikkje bur i kommunen der kyrkja ligg. Kvart fellesråd har sitt eige regelverk med utleigesatsar, bispedømerådet har vedteke rammene for slike regelverk.