Kyrkjebygg og kyrkja sine omgjevnadar - godkjenning

Når det skjer endringar på kyrkjebygget, i kyrkja sine omgjevnadar eller i plansaker som berører eller grensar opp til kyrkjeleg eigedom, skal soknet, som regel ved kyrkjeleg fellesråd, senda søknadar eller meldingar til ulike organ. I dei aller fleste tilfelle skal saka til biskopen.

Ombygging av kyrkjer krev godkjenning frå biskopen. Fjæra kyrkje, Etne.

Krav til søknad

Alle endringar på eit kyrkjebygg krev at kyrkjeleg fellesråd sender søknad: Tilbygg, ny inngang med universell utforming, ei ny dør, nye vindauge eller andre ting. Det same gjeld alle endringar inne i kyrkja, i tillegg til kyrkjetekstilar og kyrkjekunst.

Vanleg vedlikehald krev ikkje søknad. Det er likevel ein del grensetilfelle:

Maling med same farge og original malingstype kan bli rekna som vanleg vedlikehald, men bør alltid sjekkast med biskopen. Bruk av feil type maling eller kitt kan få store negative konsekvensar. Å erstatta ei gammal dør med ei ny er søknadspliktig, sjølv om den ser heilt lik ut. Det same gjeld vindauge.

Kven skal vi senda søknad til?

  • Freda kyrkje: Søknad til biskop som også sender vidare til Riksantikvaren. Biskopen gjer vedtak etter Kyrkjeordning for Den norske kyrkja, Riksantikvaren gjer vedtak etter kulturminnelova.
  • Listeført kyrkje: Søknad til biskop som sender saka vidare til Riksantikvaren for uttale før biskopen gjer vedtak.
  • Alle andre kyrkjer: Søknad til biskop.
  • Alle kyrkjesaker går direkte til biskop, men med kopi til prost. Prost kan uttala seg.

På nettsida kirkesok.no kan du finna alle kyrkjer i landet og kva vernestatus dei har.

Bruk denne malen for søknad. Legg alle biletet og mest mogeleg dokumentasjon inn i dette dokumentet.

Endringar rundt kyrkja

  • Endring på gravplass: Dersom det er endring av gravplass, inkl. mur/gjerde, skal biskop ha melding om tiltaket og det skal sendast søknad til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark (har overteke ansvar for dette frå bispedømeråda og har ansvar for slike saker i heile landet).
  • Dersom det er endring på «kyrkjebakken» eller anna område på kyrkja sitt område som ikkje er gravplass, også små endringar som ikkje er søknadspliktig etter plan- og bygningslova (f.eks. lyktestolpar, varmepumpehus, minnesmerke m.m.) skal saka sendast til biskopen til uttale. 
  • Dersom det er mellomaldergravplass på staden (det kan ein finna ut på kulturminnesok.no) skal biskopen senda saka vidare til fylkeskommunen.
  • Endring nær kyrkja, men utanfor soknet sin eigedom: Biskopen og soknet skal ha slike saker til uttale, sjå nedanfor under «Areal- og reguleringsplansaker».

Dersom søknaden gjeld endringar rundt ei freda kyrkje, skal saka sendast via biskop til godkjenning/uttale hos Riksantikvaren og Fylkeskommunen, jf rundskriv Q-06/2020, kap 2.2.3.

Dersom søknaden gjeld endringar rundt ei listeført kyrkje som ikkje er søknadspliktige etter plan- og bygningslova, skal saka sendast via biskop til uttale hos Fylkeskommunen, jf rundskriv Q-06/2020, kap 4.4.2.  Biskopen gjer deretter, vedtak jf. Kyrkjeordninga for Den norske kyrkja, § 23, står det:
På uteområdet ved en listeført kirke som ikke har en tilknyttet gravplass, skal tiltak som ikke er søknadspliktige etter plan- og bygningsloven og som vil kunne ha en negativ innvirkning på kulturhistoriske verdier, ikke finne sted uten biskopens godkjenning. Før biskopen treffer sin avgjørelse, skal saken forelegges rette kulturmiljømyndighet for uttalelse. 

Kommunale planar

Oppstart

Fylkeskommunen/Sametinget og statsforvaltaren (gravplassaker) skal etter pbl. § 11-12 varslast om oppstart av kommuneplanarbeidet. Det same skal Den norske kyrkja ved det berørte soknet og biskopen. Desse vil då ha høve til å komme med innspel til tema som bør takast opp og område ein må ta spesielt omsyn til i planlegginga av arealbruken. Dette kan vere utviding av gravplassar, behov for nye gravplassar eller annan arealbruk knytt til kyrkjene sin funksjon i lokalsamfunnet eller tiltak i nærområdet til kyrkja.

Areal- og reguleringsplansaker

Både soknet og biskopen skal ha saker knytt til kyrkja sine omgjevnader til uttale, jf. rundskriv Q-06/2020 kap. 4.3.7: Biskopen, og soknet som berørt eier, skal på vanlig måte høres i areal- og reguleringsplansaker som berører kirken og dens omgivelser. Bispdømerådet si rolle som regionalt offentleg høyringsorgan med motsegnsrett, er borte. Det er fylkeskommunen som no har ansvar for å sjå til at arealplanar og reguleringsplanar tek omsyn til kyrkjene og deira omgjevnadar.

Byggesaker/nabovarsel

Soknet eller fellesrådet mottek nabovarsel når naboar har planar om tiltak like ved kyrkje eller gravplass. Svar på nabovarselet og send det samstundes vidare til biskopen så snart som mogeleg. Biskopen sender evt. vidare til fylkeskommunen og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Ny kyrkje

Ta kontakt med biskopen dersom det er planar om tomt til ny kyrkje eller planar om å få teikna ei ny kyrkje. Oppføring av ny kyrkje og nedlegging av kyrkje skal godkjennast av Kyrkjerådet. Det same gjeld tomt til oppføring av kyrkje, teikningar, kostnadsoverslag og finansieringsplan. Jf. Kyrkjeordninga § 23.

Tomta skal i en planprosess etter plan- og bygningsloven regulerast til formål “1164 Offentleg eller privat tenesteyting - kyrkje" i reguleringsplan. Kyrkjebygget skal deretter godkjennast i ei byggesak etter plan- og bygningslova.

Biskopen godkjenner inventar og utstyr (inkl. kyrkjekunst), jf. Kirkeordning for Den norske kirke, § 20.

Adresse

Send søknader på e-post med god dokumentasjon (skildring, foto, illustrasjonar) til bjoergvin.biskop@kyrkja.no, evt. i posten til Bjørgvin biskop, Postboks 1960, Nordnes, 5817 Bergen

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"