Sunnivadagen med seminar og økumeniske gudstenester

Mandag 7. september blir Sunnivadagen markert i Bergen med seminar på Bryggens museum kl. 15.00 og økumenisk gudsteneste i Mariakirken med påfølgjande pilegrimsvandring og vesper. Det blir deltaking både frå biskopen og fleire prestar i Den norske kyrkja og prestar frå Den katolske kyrkja.

Publisert:

Trio Frans (frå v. Alf Tore Hommedal, biskop Ragnhild og Kjetil Almenning) sang på Sunnivafestivalen i 2020. Dei vil også detla på gudstenesta i Mariakirken. Foto: Gyrid Cecilie Nygaard.
Trio Frans (frå v. Alf Tore Hommedal, biskop Ragnhild og Kjetil Almenning) sang på Sunnivafestivalen i 2020. Dei vil også detla på gudstenesta i Mariakirken. Foto: Gyrid Cecilie Nygaard.

Sunniva var, ifølge legenda, ei irsk kongsdotter som flykta til Noreg med følgjet sitt. Dei stranda på øya Selja i Nordfjord. Der døydde seinare Sunniva og følgjet hennar.

Den 7. september i år 1170 vart Sunniva sine relikvier flytta til Bergen og lagt i Kristkirken på Holmen (Bergenhus). Sunniva vart gjort til norsk helgen og bl.a. bergensarane sin skytshelgen.

Til minne om dette, markerer ein Sunnivadagen. Bak arrangementet står Bergen regionale pilegrimssenter og Pilegrimsfellesskapet Sta Sunniva Bergen.

Programmet varer frå kl. 15.00 til kl. 20.00

Fri inngang. Ingen påmelding.

SEMINAR BRYGGENS MUSEUM

Kl. 15:00          Trio Frans synger Sunniva-hymne

Kl. 15:05          Åpning av Seminaret v/ Lauritz Haarr, Bergen regionale pilegrimssenter og Linda Amundsen, Pilegrimsfellesskapet Sta Sunniva Bergen

Kl. 15:10          Åpningshilsen v/biskop Ragnhild Jepsen

Kl. 15:20          Sta Sunnivas historiske betydning for Bergen

v/ Alf Tore Hommedal, professor UiB

Kl. 15:55          Sta Sunnivas evige aktualitet

  • Kunstneres og kirkelige formidleres betraktninger (filmopptak)
  • Samtale mellom pilegrim Hanne Østhagen og pilegrimsprest Einar vegge

Kl. 16: 30         Sta Sunniva-ikonografien – karakteristika og internasjonale forbindelser

v/Justin Kroesen, professor UiB                         

Kl. 17:00          Oppsummering og takk

Kl. 17: 15         Enkel servering i museumskaféen

ØKUMENISK GUDSTJENESTE OG PILEGRIMSVANDRING

Kl. 18:00          MARIAKIRKEN: Gudstjeneste med pilegrimsutsendelse

Kl. 18:30          Pilegrimsvandring mot Kristkirketomten

Kl. 18:40          Bønn og refleksjon ved Sunniva-statuen, Kristkirketomten

Kl. 18:50          Vandring med byhistorisk preg gjennom byen til Sunnivakapellet, St Paul skole

  • kollektivtransport til Sunnivakapellet for dem som ønsker

Kl. 19:40          Vesper i Sunnivakapellet, St Paul gymnas

Liturgar:

Bjørgvin biskop Ragnhild Jepsen, Den norske kyrkja

Domprost Gudmund Waaler, Den norske kyrkja

Dom Alois Brodersen, Den katolske kyrkja

Pater Torbjørn Holt, Den katolske kyrkja

Kystpilegrimsprest Einar Vegge, Den norske kyrkja

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"