Iran er eitt av landa der kristne opplever å bli forfølgde. Her sit pastorar fengsla fordi dei forkynner evangeliet. Der er det forbode å gjera det du gjer kvar søndag når du feirar gudsteneste saman med andre.
Bjørgvin bispedøme oppfordrar alle våre kyrkjelydar til å vere med på å markere søndag for dei forfølgde. Dagen vert markert andre søndag i november, som i år fell på 9. november, eller ein kan nytta ein annan eigna søndag som passar i kyrkjelyden.
Preiketips, bøner og andre ressursar til markeringa, finn de ved å trykke på lenka nedst på sida.
Fakkeltog
Årets fakkeltog har kristne i Nord-Korea som tema. I Bjørgvin er det fakkeltog følgjande stader:
- Bergen, 29. oktober kl. 18:30 på Torgalmenningen
- Norheimsund, 9. november kl. 17:00 ved Norheimsund kyrkje
- Sandane, 15. november kl. 16:00 i Gågaten
For meir informasjon og spørsmål, kontakt post@stefanus.no.
Takk for at de står saman med dei forfølgde!
