Pinseaftan
Den felleskyrkjelege gudstenesta på Festplassen startar kl. 17.00 og vil nok bli akkompagnert av kyrkjeklokkene som ringer inn pinsa. Arrangementet har tittelen «Jesus i sentrum». Eit tilsvarende arrangement har blitt halde i Oslo sentrum både i fjor og i år.
Biskop Ragnhild er blant representantane for fleire ulike kyrkjer og kirkesamfunn som deltek på gudstenesta med bøn for byen.
Talar på gudstenesta er Øystein Gjerme (menigheten Salt). Etter gudstenesta er der lovsongsfest frå ca 18.30. Denne gongen er kyrkjekaffien før gudstenesta, frå 15.30.
1. pinsedag
Sjekk nettsidene til din lokale kyrkjelyd eller "skjerikyrkja.no" (sjå lenke nedst på denne sida) for å finna ei gudsteneste nær deg.
I Bergen domkirke vil biskopen preika på høgtidsgudstenesta kl. 11.00 før ho er med på opninga av ei kunstutstilling med tema "forsoning".
2. pinsedag
I år blir det bl.a. ei fleirkulturell gudsteneste i Bergen domkirke kl. 11.00. Der samlast menneske frå mange nasjonalitetar. Vi kan sjå fram til fleire bidragsytarar, kor og lovsong på fleire språk, før det blir internasjonal kyrkjekaffi.
Biskopen om pinsa i podcast
I serien "Benedicte og biskopen" vart det i fjor spela inn ein podcastepisode om pinsa. Om du vil høyra den, finn du lenke nedst på denne sida.
