Det var åtte søkarar på stillinga som avdelingsleiar for kyrkje og samfunn (kyrkjefagsjef) i Bjørgvin. Øyvind Rise er i dag prest i Bergen domkirke menighet. Han har lang erfaring frå ulike prestestillingar i kyrkjelydar i bispedømet og ved ulike institusjonar. Han har og vore seniorrådgjevar i Bispemøtet og har doktorgrad.
Det var ni søkarar på stillinga som rådgjevar i for diakoni, kyrkje og samfunn. Vetle Karlsen Eide er i dag sokneprest i Kvam og har tidlegare vore diakonirådgjevar ved bispedømekontoret. Vetle er utdanna diakon og teolog.
Det er ikkje klart enno når dei to nye medarbeidarane vil ta til i stillingane sine.
