Stor generalforsamling i Bergen

Det norske misjonsselskap (NMS) arrangerer sommarfest og generalforsamling i Bergen 25. til 28. juni under mottoet: Kom, bli med! Dei fleste kyrkjelydane i Bjørgvin har misjonsavtale gjennom NMS, og kan sende utsendingar med røysterett til generalforsamlinga. Det er også spesialtilbod for unge. Biskopen blir med på opninga og gudstenesta.

Publisert:

Det norske misjonsselskap, NMS, inviterer kyrkjelydane til generalforsamling i Bergen i slutten av juni.
Det norske misjonsselskap, NMS, inviterer kyrkjelydane til generalforsamling i Bergen i slutten av juni.

NMS si generalforsamling finn stad på Scandic Flesland. Der blir det høve til å møte NMS sine utsendingar og kyrkjeleiarar frå alle NMS sine samarbeidskyrkjer i andre land. Somme representerer små kyrkjer med nokre få tusen medlemer, andre leier kyrkjesamfunn som er langt større enn Den norske kyrkja.

Biskop Ragnhild deltek på opningsmøtet torsdag 25. juni og vil også vere hovudliturg på gudstenesta på hotellet søndag 28. juni.

Representantar frå NMS sine samarbeidskyrkjer vil delta på ei rekke gudstenester i Bergensområdet den søndagen.

Preses Olav Fykse Tveit vil vere til stades på delar av programmet og halde appell på ein fredskonsert i Grieghallen.

«Ei felles bøn om fred"- fredskonsert i Grieghallen fredag 26. juni

Koret SKRUK besøkte Madagaskar påska 2024 og spelte inn musikk saman med det gassiske militærkoret LOVA. Musikken vart utgitt på Kirkelig kulturverksted i albumet «Ei felles bøn om fred» i fjor. No møtest  SKRUK og ei gruppe frå LOVA att på scena i Grieghallen, saman med Sjøforsvarets musikkorps.

Appell ved preses Olav Fykse Tveit.
Konserten vert leia av Espen og Maria Tveten.
Anders Rønningen er kunstnarisk leiar for konserten.

Spesialtilbod for unge som er nysgjerrige på misjon

Er du interessert i misjon og lurer du på korleis det ser ut i dag?

Torsdag 25. juni inviterer Norges første misjonsorganisasjon til ein dag fullspekka med spennande og inspirerande program for unge vaksne mellom 18 og 30 år på NMS Sommerfest & generalforsamling.

Inkludert i prisen er lunsj og middag i hotellstandard, seminar, kveldsmøte og lounge på kvelden.

Meld deg på her: https://event.checkin.no/…/sommerfest-generalforsamling-2026

Påmeldingen sender deg til check in. Scroll heilt nedst på sida og velg "Dagspass Torsdag - NMS YOUNG".  Pris: 299,-

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"