Samarbeid om konfirmantar i sør

Søndag 4. februar vart det halde konfirmantfestival i Norheim kirke i Haugesund for Sunnhordland i samarbeid med to kyrkjelydar i Stavanger bispedøme, Norheim og Haugesund. Sammen-teamet frå Bjørgvin var med på storsamlinga.

Nær 300 konfirmantar frå Sunnhordland og Haugesund var samla til konfirmantfestival første søndagen i februar.

- Frå Sunnhordland var det konfirmantar frå Etne, Sveio, Fitjar og Tysnes. Nær tre hundre konfirmantar var til stades til show med lovsong, inspirasjon, andakt, premieutdeling og meir, fortel prosjektleiar for festivalen, Arild Steinsland som er sokneprest i Sveio.  Han fortel vidare at "Sammen-teamet" frå Bjørgvin bispedøme hadde ansvar for samlingane i kyrkjesalen. - Det gjorde dei på ein framifrå måte. Thor Haavik gjekk gjennom viktige tema som tru og vitskap, og bøn i løpet av dei to samlingane.

Så var det mat, og RUSH. 200 konfirmantar i to puljar fekk ta seg ei kort spasertur til trampolinehallen på Norheim. Det var ein suksess! Tilbake i kyrkja var nær 200 konfirmantar til ei kvar tid for å prøve seg på "plug and play" aktivitetar så som sumobryting, "Grill en prest", bønnevandring, bygg eit eit høgt tårn, gaming, bordtennis, dogdeball, bibelquiz, karaoke og mange fleire. 8 fullførte aktivitetar i aktivitetspasset gav ein rett til å vere med i ei trekning på "bluetooth-høgtalar". Det var mange aktivitetspass med i trekninga. Mange hadde òg prøvd seg på bibelquizen og ein heldig deltakar stakk av med ein høgtalar i premie, fortel prosjektleiaren.

Førkveld for ungdommar

På laurdagen fekk kyrkjelydane høve til å sende ungdomsleiarar til kyrkja for førkveld med overnatting til søndagen. - Til saman 20 ungdommar i alderen 16 til 23 år var med på dette. Sammen-teamet leia an i leik og inspirasjon. Thor var i storform som vanleg. Det var rydding til konfrimatfestival og opplæring til å bemanna "plug and play" - aktivitetane.  Og så var det meir mat og sikkert litt soving før dei stod klare til å ta imot konfirmantane frå kl. 11.00 på søndagen.
Alt i alt trur eg vi må konkludere med at det var ein suksess, seier Arild Steinsland og fortel at ein av vaksenleiarar kom til han etter at alle hadde reist heim og sa: -For nokon kjekke konfirmantar. Eg kan melde om null tull!

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"