Fagdag diakoni og undervisning 2. - 3. juni 2025
Diakonar og undervisningstilsette er inviterte saman til fagdag 2. juni, med tema som er viktige for begge grupper tilsette. 3. juni er spesielt tilrettelagt for undervisningstilsette, men open også for andre.
Stad: Bergen, Clarion Hotel Admiral.
Målgruppe: Alle tilsette i diakoni- og undervisningstenesta i Bjørgvin og andre interesserte.
Pris: kr 500 per dag (dagpakke hotell). Påmelding helst innan 9.5: på Checkin
Husk å legge inn korrekt fakturainfo til arbeidstedet ditt!
Tidsplan:
Måndag 2. juni kl. 09.00-16.00
Tysdag 3. juni kl. 09.00-15.45
Program mandag
(saman med diakonifeltet – programleiar Anine)
09.00-09.30 Opning
09.30-11.15 Nordisk frivillighet v/Asbjørn Finnsbakk, rådgjevar Stavanger bispedøme. Han har vore med i eit prosjekt i Norden om «kirkefrivilliges motivasjoner» og presenterer innhald og analyser som at unge ønsker fellesskap og aktivitet, eldre er meir opptekne av saka/kyrkja i seg sjølv.
11.30-12.15 Stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit: Korleis jobbar vi saman og brukar kvarandre sin kompetanse?
12.15-13.15 Lunsj
13.15-15.30 Kyrkja si rolle i kriser, ulykker og katastrofar. Domprost Gudmund Waaler blei tildelt Olavstipendet 2024, og har undersøkt kyrkja sin innsats i ulike situasjonar. Her er mange interessante funn. Føredrag, case, spørsmål.
15.30-16.00 Avslutning
Program tysdag
(undervisningsfeltet – programleiar Sverre Johan)
Tidsramme 09.00-15.45 kaffi i forkant
Program er i forming.
Innhald:
- Ny plan for kyrkjeleg undervisning, Kyrkja Vår, planverktøyet – kortfatta.
- Oppsummering frå årssamtalene og statistiske resultat i 2024 – kortfatta.
- Kort samling i prostigrupper (treng de å dele noko, avtale noko, snakke saman) 15 min.
- Bibelarbeid med pedagogisk metode: individ, gruppe, plenum – langlesing. Bibelen som relevant for livet.
Ikkje bekrefta men aktuelle tema:
- Utekirke.no som grunnlag for eigenarbeid/gruppearbeid/planmessig arbeid.
- ICDP (International Child Develepment Programme) https://www.icdp.no/ Om foreldrerettleiing I kyrkja sitt undervisningsprogram.
- Katekismetenking? Kva bør barn og unge lære?
- Basar/innsamling – konkret hjelp til å skaffe midlar til arbeidet (og samstundes ha det gøy).
- Pilot: Vi har ei økt med MessyChurch.
Det viktigaste med fagdagane er å møtast – og å lære av kvarandre.