Bjørgvinsamtalen vart gjennomført også i 2025, med god respons. Deltakarane reiste heim med betre kjennskap til korleis andre sokneråd arbeider og glede av å få møtast i ein slik fellesskap.
Startar med gudsteneste
Samlinga på Vassenden 26. september startar med gudsteneste med biskopen klokka 11. og lunsj klokka 12.30. Samtalar og drøftingar skjer frå 13.15 – 16.15.
I Bergen 27. september startar vi med gudsteneste i Domkyrkja klokka 11. Lunsj på Hotel Terminus klokka 12.30. Samtalar og drøftingar skjer frå 13.15 – 16.15.
Det blir tatt opp ein del tema og høve til å drøfta dette:
• På kva område kan sokneråda sjå nytten av å samarbeide?
• Kva vil sokneråda melde at bispedømerådet må prioritere og gje merksemd?
Sjå lenker nedanfor til dei to arrangementa og påmelding.
Påmelding helst innan 8. september for samlinga i Bergen (pga. avtale med hotel) og 14. september for samlinga på Vassenden i Jølster.
Bispedømerådet dekker deltaking og lunsj. I første omgang blir det opna for tre frå kvart sokneråd. Medlemer i fellesråd er del av eit sokneråd.
