Det er tekstilkunstnar Astri Ræstad og dotter hennar, kunsthandverkar og sivilarkitekt Kristine Synnes som har utforma den nye bispekåpa. Son til Kristine Synnes, Niels Synnes, har medverka i utforminga av sylvspenna. Astri Ræstad har over tretti års erfaring som kyrkjetekstilkunstnar og har bl.a laga tekstilar til bruk i Nidarosdomen.
Det vart i desember 2024 invitert til konkurranse om utforming av ny bispekåpe med stolaer i dei fire liturgiske fargane til biskopen i Bjørgvin, ettersom dei tidlegare bispekåpene er i dårleg stand.
Juryen, som består av kunsthistorikar Anne Marta Hoff, tidlegare instituttleiar Aashild Grana og professor Justin Kroesen, skildrar kåpa som ei verkeleg estetisk oppleving, rik på symbolikk, med spennande detaljar gøymde både under skjoldet og på innsida av kåpa.
Håp, fred og vekst
Den nye bispekåpa tematiserer livets vekst, fred og krafta i håpet. Uttrykket er ein kombinasjon av det tradisjonelle og notida. Fargevalet og utforminga er inspirert av Bergen domkirke. Her er både tradisjonelle kristne symbol, naturmotiv og moderne symbol frå sjøfarten.
På tide med ny bispekåpe
– Eg er begeistra for den nye bispekåpa. Den er vakker og rikt utforma, frå utsida til innsida. Det var også særleg fint at tre generasjonar frå bestemor til barnebarn står bak utforminga, seier biskop Ragnhild Jepsen. Ho har berre nokre få gonger bore den gamle bispekåpa. – Den er også veldig vakker, men diverre så slitt at me må vera særs varsame kvar gong den blir brukt.
Ei bispekåpe symboliserer biskopen sitt mynde og følgjer embetet, ikkje personen. Dei første bispekåpene i gamal tid vart laga for at biskopen skulle halda varmen ved prosesjonar i kaldt vér. Etter kvart vart dei utstyrte med ornament som skulle visa at biskopen var ein hyrde, slik Kristus var det.
Bispekåpene er kunst som folk gjerne vil sjå, på same måte som annan kunst i kyrkjene. Bispekåpa blir ikkje stilt ut, men på søndag blir den å sjå for alle som kjem i Bergen domkirke.
Les meir om bispekåpa i vedlagde pressemelding
