Bjørgvinsamtalen vart arrangert for andre gong. Her inviterer bispedømerådet sokneråda til samtale og ei felles gudsteneste med biskopen. Dei som møtte har gjeve gode tilbakemeldingar på nytten av delt kunnskap og erfaringar og samtalar med andre på tvers av prostigrenser. Samstundes har det blitt fremja ønskje om å bruka tida litt annleis neste gong ein har slike møte.
– Gjennom «Bjørgvinsamtale» både på Vassenden og i Bergen har me fått del i mange inspirerande forteljingar (og nokre utfordringar) frå lokalkyrkjene, som jo er dei som driv kyrkja. Takk til alle som brukte deler av helga si for å gje oss denne ballasta i vårt arbeid vidare i bispedømerådet, skreiv bispedømerådsleiar Dag Sele på si facebookside etter samlingane.
Det vil truleg ikkje bli Bjørgvinsamtalar i 2027 fordi det då er val på nye sokneråd. Derimot er det planar om kurs for dei nye sokneråda, truleg i starten av 2028.
Bispedømerådsmøtet
På bispedømerådsmøtet vart rådet oppdtert på status i rekneskapen så langt i år, og dei starta innleiande drøfting av budsjettet for 2027.
Høyringar
I sak om høyring om nye reglar for saksbehandling i Den norske kyrkja som skal erstatta forvaltningslova og offentleglova. Bispedømerådet støttar i hovudsak forslaga som kan forenkle sakshandsaminga, men er opptekne at det ikkje skal gå ut over omdømet til kyrkja si handsaming av saker som må vera opne og krev naudsynt innsyn. Bispedømerådet sine medlemer får slike saker på bordet att når dei skal avgjerast i kyrkjemøtet.
Kirkerådet har sendt på høring forslag til revisjon av vigslingsliturgiane i Den norske kyrkja. Høyringa omfattar vigsling til teneste (prest, diakon, kateket og kantor), av biskop og av kyrkjebygg. Bjørgvin bispedømeråd vil ikkje prioritera å levere eige høyringssvar på desse sakene. Bispedømerådet oppmodar til at liturgisakene får ein brei presentasjon først i plenum i Kyrkjemøtet som avgrensar frå ei handsaming som går ned i detaljane.
Valråd
Det skal oppnemnast eit valråd for val til kyrkjemøtet og bispedømerådet i 2027. Bjørgvin bispedømeråd har drøfta kriterier for medlemsskap i valrådet og vil legge til at ein også bør ha inn nokon frå ungdomsdemokratiet i valrådet. Bjørgvin bispedømeråd ber på bakgrunn av dette administrasjonen spørja aktuelle kandidatar om å stilla seg til disposisjon for ein plass i valrådet for bispedømerådsvalet 2027.
