Biskopens nyttårstale 2024

Biskop Ragnhild Jepsen inviterte den 11. januar til nyttårsmottaking i Bergen domkirke. Godt over 100 inviterte og frammøtte fekk høyra den nye biskopen sin tale om at kyrkja skal gje rom for tru, identitet, motkraft og medkjensle. Her kan du sjå og høyra eller lesa talen.

– Desse fire verdiane er tilstades i kyrkja slik ho lever i Bjørgvin, sa biskopen i sin nyttårstale: Med rom for tru, som gjevar av identitet, med motkraft til forandring og med kall til medkjensle.

Biskopen starta med å takka for fine møte med tilsette og frivillige etter besøk i alle 11 prosti sidan ho tok til i si gjerning i april. Ho merkar seg at trua gjev seg utrykk på litt ulike måtar på ulike stader.

Tru

– Eg vil gjerne vere med og tenke om korleis tru kan finne sine uttrykk hjå oss i tida vi er i og her vi bur og trur. Og korleis vi utvikler eit språk om tru som taler til menneska i vår tid, unge og gamle. Eg trur det er naudsynt at vi alltid er oppteken av å finne uttrykksmåtar som kommuniserer med menneska no. Det har Guds kyrkje på jorda alltid gjort, - det er difor den er livskraftig framleis i dag, sa biskopen.

Identitet

– Nokre av dei viktigaste identitetsmerka vi har i vår kultur, er kyrkjehusa våre. Over heile landet står dei i våre byer og bygder som vitnemål om fellesskap og historie, og samlar oss også utover å skape tilhøyrighet til eit trussamfunn, sa biskop Ragnhild. Ho ser med spenning fram til korleis det lova kyrkjebevaringsfondet frå Regjeringa vil sjå ut i praksi .
Biskopen minna om at også i dag ser vi at menneske søkjer til kyrkjene i glede og i fortviling. Symbola vi omgjev oss med er naudsynte og gjev meining, både for dei som samlast etter tragiske ulukker, dei som ber borna sine til dåpen, konfirmantane og dei som følgjer sine kjære til den siste kvila. 
– Vi skal ikkje tenke lite om betydninga av det som samlar oss! Vi skal be inn og innleme, og dele raust av vår arv og kompetanse. Når vi deler ord om det som er det viktigaste for oss, vår tru og tvil, gjer vi livssynsrommet, og dermed også livsrommet større, sa biskopen.
Med til identiteten høyrer også språket og kunsten. – Den synleggjer kvar vi kjenner oss heime, kva som er hjartespråket, der vi kan seie med ord, tankar og tonar det som ligg djupast i oss, utan at nokon kan seie at det er feil eller ikkje eit verdig språk. 
– Vi var mange som var stolte og rørde då Nobelprisen i litteratur i haust vart tildelt Jon Fosse. Han har gjeve ord og dåm til det vestlandske, og dermed også til våre trusuttrykk. Og samstundes løftar han oss inn i den store samanhengen som livet er. På sin stillfarande måte gjev han oss ord for gudslengt og gudsnærver som blir forståeleg og som vi kan bere med oss. 
 
– Kva skjer med oss når identiteten vår blir fornekta? Biskop Ragnhild minna om dei som måtte fornekte seg sjølv fordi systematisk diskriminering har fått skje, med både støyande og stilltiande løyve frå styresmaktene, frå dei med autoritet og makt, ja, dessverre også frå kyrkja. Ho viste til rapporten frå Sannings- og Forsoningskommisjonen som vart lagt fram i juni i fjor. –  Menneske i vårt land lever med sår og nedarva skam gjennom generasjonar for alt som er teke frå dei av språk, av namn, av land, av stillhet og varhet. Vi i vår del av landet kan tenke at dette har skjedd – og framleis skjer - langt borte, og at det dermed ikkje angår oss. Men vi kan ikkje leve med at det framleis er slik! Det er ein lengt etter forsoning som må skje, – enno veit vi ikkje korleis det skal skje, og om og når tida er klar for det. Men eg er glad for at vi 6.februar i år, på Samenes Nasjonaldag, igjen skal feire gudsteneste her i Domkyrkja. Dei samiske organisasjonane i Bergen er med, dei samiske språka skal høyrast. Og sidan det er Stiftsdagar i Bjørgvin desse dagane, skal kyrkja fyllast med høgtid, lydhørhet og song frå heile bispedømet.

Motkraft

– Eg meiner at kyrkja alltid har som kall å vere ei motkraft. Vi er kalla til å stå opp mot uretten som skjer i verda nær oss og langt borte. Det er ikkje noko vi som kyrkje har kome opp med i nyare tid. Det er djupt forankra i evangeliet om Jesus Kristus, og det har prega kyrkja gjennom to tusen år, sa biskop Ragnhild som meiner kyrkja skal vera og er politisk, men ikkje partipolitisk. – Når vi har menneskeverd og skaparverk for auga, tek den svakastes side og gret med den som lid, kan ikkje nokon hevde at vi ikkje er det. På denne måten meiner eg at kyrkja skal vere politisk. 
I jubileumsåret for Magnus Lagabøtes landslov lyfter vi fram dugleiken til dei fire guddomlege systrene slik det står i Salme 85: – Miskunn og Sanning skal møta kvarandre, Rettferd og Fred skal kyssa kvarandre. Ved domsavseiingar skulle desse fire dygdene verte høyrt og teke omsyn til – for at ein dom kunne seiast å vere rett. 
Viss motkraft skal vere eit teikn ved vår kyrkje og samtid i dag, bør vi igjen sjå til desse omgrepa - miskunn, sanning, rettferd og fred – som eit etisk kompass; ein romleg storleik i verda, der vi ser dei som ei forplikting vi kan og skal legge på vår samtid. Då kan vi heller ikkje sjå bort frå at det kan ha ein politisk implikasjon. 

Medkjensle

Biskopen minna om at Bergen domkirke i kraft av å ha vore fransiskanarane si kyrkje, er eit diakoniens rom, der munkane og prestane tok omsorg for dei fattige, dei sjuke, dei som ikkje kunne ta vare på seg sjølv. Som Jesu Kristi etterfylgjarar på jorda såg dei som hadde si teneste her det som si viktigaste oppgåve å gjere Jesu hjarteslag høyrbare i verda.
– Det er mykje god omsorgsteneste i kyrkja i Bjørgvin. På ein fagdag i november for alle diakonane i bispedømet, fekk eg verkeleg innsikt i noko av alt det gode arbeidet som vert gjort. Mykje av det høyrer vi ikkje så mykje om. For diakonien skjer i det stille, i rom mellom oss av smerte og einsemd, der menneskelivet er på det mest krevjande. Det er også det som gjer det truverdig.
Kyrkja kan ikkje åleine vise medkjensle. Saman med alle gode krefter i samfunn og frivillighet, må vi stå saman. Berre slik kan vi seie å vere ei truverdig kyrkje, sa biskopen som oppsummerte talen sin på denne måten: 
– I all vår verksemd meiner eg at desse fire verdiane eg no har løfta fram, er tilstades i kyrkja slik ho lever i Bjørgvin: Med rom for tru. Som gjevar av identitet. Med motkraft til forandring. Og med kall til medkjensle. 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"