Allehelgen med rom for sorg og ettertanke

Vi markerer allehelgen/helgemesse 1. november, og då er det sett av særleg rom for sorg, anten den er ny eller har vore der lenge, kraftig eller meir dempa. Nedanfor kan du finna fram til ulike møtestadar med rom for sorg.

Publisert:

Det er ikkje godt å vere åleine i sorga. Oppsøk fellesskapet. Ill:Miksmaste
Det er ikkje godt å vere åleine i sorga. Oppsøk fellesskapet. Ill:Miksmaste

Finn arrangement nær deg

På kyrkja sin store felleskalender, skjerikyrkja.no, finn du oversyn over gudstenester og andre samlingar.
Dei fleste arrangementa i kyrkjene i Bjørgvin 31. oktober og 1. november er gudstenester der det særleg vert gjeve rom for å minnast dei døde. Mange stader kan ein dessutan gå inn i kyrkja, tenna ljos, be, vera stille eller lytta til musikk.

Finst det håp i sorga?  - temakveld i Foldnes

Foldnes kyrkje, Øygarden, 20. oktober kl. 19.00.  Kva kan gje håp og livsmot når du har mista nokon og livet kjennest meiningslaust? Temakvelden er for deg som har opplevd og opplever sorg. Den er også for deg som ønskjer å støtte nokon som står i sorg. Det blir musikalske innslag og enkel bevertning.

Å leve med sorg - temakveld i Gloppen

temakveld i Sandane kyrkje, 22. oktober kl. 18.30  Gjennom temakveld om sorg, ønskjer Kyrkja i Gloppen å formidle kunnskap og innsikt som kan vere til hjelp når ein sørgjer. I tillegg byr også kvelden på eit musikkinnslag og ei stund med mat og prat rundt borda.

Temakvelden startar med instrumental-musikk på flygelet i kyrkjerommet ved kyrkjemusikar Janne Øisang Grinaker. Vidare flyttar vi oss til festsalen i same bygg, og held fram med temakvelden der. 

Diakon Ingebjørg Fure Eide vil snakke om temaet "Mellom sakn og kvardag: om sorgprosessar". Ho tek føre seg nokre nyare modellar for å forstå sorg. Etter hennar innlegg vert enkel servering og tid til prat. Deretter vil prest Vidar Bjotveit ha innlegg om "Landsbyen i sorg". 
Samlinga er ferdig innan kl. 20. 

"Kaffe og prat" på gravplassane på Radøy

På kyrkjegardane på Hordabø, Sletta og Manger i Radøy sokn blir det folk til stades med varm drikke og noko å bita i, og tid til ein prat, om du vil, laurdag 31. oktober frå kl. 16:00 til 18:00. 

Førstehjelp ved sorg

Førstehjelp ved sorg er ein ressurs med tips til korleis ein kan møta folk i sorg. "Førstehjelp ved sorg" er for alle.  Klikk her for å lesa meir om førstehjelp ved sorg.

Sorggrupper

Sorggrupper.no er ein portal med oversyn over tilbod både til barn, unge og vaksne, er landsdekkande, og med oversyn over dei tilboda som er melde inn, frå både kyrkja og andre aktørar.

Sorggrupper for barn og unge

Det er tilbod om sorggrupper for barn og unge i Bergen. ein gong pr år, nye grupper etter haustferien (8 samlingar frå okt til mars). Nye grupper blir starta no, men det er plass om ein melder seg på no i oktober 2025.

Brosjyrer for tilboda i Bergen finn du via lenke nedst på sida.

Samtale

Kyrkja sine tilsette er tilgjengelege for samtale. Ta kontakt med din lokale kyrkjelyd. Du kan også kontakta KIrkens SOS, sjå lenke nedst på denne sida.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"