Avskilsgudsteneste for biskop Halvor 20. november

Alle er hjarteleg velkomne til avskilsgudsteneste for biskop Halvor i Bergen domkirke søndag 20. november kl. 11.00.

Avskilsgudsteneste for biskop Halvor 20. november

Domprost Gudmund Waaler og preses Olav Fykse Tveit vil leie gudstenesta.  Preike ved biskop Halvor Nordhaug.

Domkantor Kjetil Almenning og domkantor Sigurd Melvær Øgaard har ansvar for musikken. Korsong ved St. JaKor, Bergen Domkirkes Jentekor og Bergen Domkor.

Blant dei inviterte gjestene finn vi barne- og familieminister Kjersti Toppe, preses for Den norske kyrkja, statsforvaltaren i Vestland, ordføraren i Bergen og leiarane i fellesråda i Bjørgvin.

Offeret går denne dagen til Bjørgvin bispedøme  sitt vennskapsbispedøme på Cuba.

Det vil også vera mogeleg å levera klede, sko m.m. til ei hjelpesending til Cuba like før og etter gudstenesta.  Les her kva det er bruk for og korleis du kan levera.

Velkomen til kyrkjekaffi bak i domkyrkja like etter gudstenesta.

Etter gudstenesta vil det elles vere ei mottaking for inviterte gjester på Grand Hotel Terminus.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"