Browseren din har feilaktig blitt gjenskjent som en bot utifra User-agent verdien = Mozilla/5.0 AppleWebKit/537.36 (KHTML, like Gecko; compatible; ClaudeBot/1.0; +claudebot@anthropic.com) . Vi hadde satt stor pris på om du kunne sende denne feilmeldingen til: skjeri@kirken.no slik at vi får fikset dette for deg og alle andre med samme browser
Bli med på haustleir på Fagertun! 🍂
30. okt – 1. nov inviterer me til ei kjekk helg for deg som går i 4.– 7. trinn eller 7.– 10. trinn.
Det blir ei helg fylt med aktivitetar, nye vener, fellesskap og gode opplevingar, både ute og inne.
Me håpar du blir med!
KLOKKERINGING
I samband med H M Kong Harald sin død vert det kiming i dei fleste kyrkjene i Vaksdal i dag kl. 12 til 13.
OPNE KYRKJER
Nokre av kyrkjene vil og vere opne for dei som vil kome innom kyrkja for å tenne lys, berre vere stille eller snakke med kyrkjevertane. Kyrkjene det gjeld er:
Vaksdal kyrkje, i dag kl. 13-17
Dale kyrkje i dag kl. 13-17
Dale kyrkja laurdag kl. 12-14
Dale kyrkje søndag kl. 13-15
Stamnes kyrkje vil og ha ope i l helga – meir info kjem når det er endeleg bestemt.
I nokre av kyrkjene vert et og lagt ut kondolanseprotokoll, og sette fram kaffi/te m m
GUDSTENESTENE
Dei planlagde gudsteneste i Vaksdal på søndag vil gå som planlagt, men gudstenesta på Dale vert i kyrkja og ikkje i parken i Holhovden.
Den norske kyrkja sentralt ynskjer å ha eigne syrgje-gudstenester i kyrkjene etter kvart.
Tirsdag 19. mai kl. 20 inviterer Vaksdal sokneråd deg til å høyre Oddny Miljeteig snakke om "Gudstru mellom bratte fjell".
Musikk av Ruben Gjertsen.
Gratis inngang.
Sokneprest Fredrik Hope vert frå 1. juni løyst frå stillinga som prest i Vaksdal, av helsemessige og familiære årsaker.
Han vil framleis vere tilsett i Bjørgvin bispedøme, men ha andre oppgåver.
Fredrik vert takka av i samband med kyrkjelydane sin medarbeidarfest i juni.
Velkomen til konserten Dag for Dag med Jon Martin Skauge (43) i Vaksdal Kirke. Med på laget er superbandet Svein-Tore Hindenes, Egil Skjelnes og Espen Vågstøl.
Midt i den alvorstunge fastetida kjem der ein glad festdag, Marimesse eller Maria bodskapsdag, søndag 22. mars. I framgrunnen denne dagen står bodskapen til Maria om at ho skal bli mor til Jesus. Difor er feiringa lagt til den næraste søndagen ni månader før jul.
21. mars vert Verdsdagen for Downs syndrom markert over heile verda. Det skjer m.a. ved at mange går med sokkar av ulik farge, som uttrykk for mangfald, på denne dagen. Føremålet er å skape merksemd om å leve med Downs, minne om menneskerettane til også dei som har dette syndromet og skape eit fargerikt fellesskap der også personar med Downs har sin rettkomne plass.
Torsdag 19. mars kl 19 i Vaksdal kyrkje
Me høyrer om kristenarven vår frå dei britiske øyane og syng salmar etter keltisk tradisjon.
Vikarprest Roar Strømme fortel og kantor Ruben Gjertsen spelar.
Velkomen!
Vaksdal sokneråd
Fyrste søndag i november er ein dag der kyrkjer rundt om i verda set fokus på dei vanskelege tilhøva kristne levere under i delar av verda.
380 millionar kristne rundt om i verda lever under høg grad av forfylging for si tru.
FEST PÅ KJERKA
«Fest på kjerka» er eit uttrykk frå Sjømannskyrkja sitt arbeid rundt om i verda, og me freistar å få fram same kjensla når me skipar dette til kvart år.
Det nyaste Kyrkjebladet ligg no ute på heimesida vår.
I papirutgåva er det nokre feil i gudstenestelista.
Dei feila er retta i bladet som ligg på nett.
Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:
Se instruksjoner for din nettlester under:
Internet explorer
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Chrome
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Firefox
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert