Haustleir på Fagertun 🍂
Velkomen til ei kjekk hausthelg på Fagertun Leirstad 30. oktober–1. november! Leiren er for deg som går i 4.–7. trinn og 7.–10. trinn, anten du har vore med på leir før eller skal vere med for aller første gong.
På leiren blir det mykje kjekt å vere med på. Du får mellom anna høyre om Jesus og Bibelen, treffe nye vener og delta på aktivitetar både ute og inne. Det blir tid til leik, fellesskap og mange gode opplevingar gjennom heile helga.
Pris og påmelding
Leiren kostar kr 650,-. For sysken nr. 2 og vidare er prisen kr 500,-. Ta gjerne kontakt dersom du treng økonomisk støtte for å kunne delta.
Påmeldingsfrist: 22. oktober
Påmelding skjer på e-post til leir@fagertunleirstad.no.
I påmeldinga må du hugse å oppgje:
- namn, adresse og klassetrinn
- telefonnummer og e-postadresse til foreldre/føresette
- eventuelle allergiar eller annan viktig informasjon
- om barnet skal ta buss til leiren, og eventuelt frå kva haldeplass
Det går buss frå Dale stasjon til Fagertun fredag. Meir informasjon blir sendt på e-post når leiren nærmar seg til dei som har meldt seg på.
Har du spørsmål før du melder deg på, kan du kontakte leir@fagertunleirstad.no eller Gøril Nesheim på 930 54 636.
Leiren blir arrangert av Barne- og ungdomsrådet – Samenmisjonen.
Me håpar at akkurat DU blir med! ❤️
Velkomen på leir!
