Vigsel i kyrkja.

Bryllaup er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og vonde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løftene vert gjeven med vitne til stades.

Å inngå ekteskap eller vigsel er ei offentleg handling som kan skje borgarleg eller kyrkjeleg. Ein godkjend vigselsperson skal erklære at ekteskapet er gyldig. Eit bryllaup i kyrkja kan vere enkelt eller påkosta. Brudefolka kan vere unge eller godt vaksne.

Dei kan feire dagen med familie, slekt og venner.

Dei kan sei ja til kvarandre med berre prest og forlovarar til stades. Stor eller lite bryllaup – i kyrkja vert livet lagt fram for Gud med bøn om velsigning. Alle par som har gifta seg borgarleg er velkomne til kyrkja for å be om forbøn for samlivet.

Ønskjer de å gifte dykk i ei av kyrkjene i Vestre Slidre – ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf 48237798/ 48122137 eller mail gk662kyrkja.no.

For musikk: Ta kontakt med organisten.