Prest frå Den norske kyrkja
Prestane i Time (og organistane) har turnus på kven som har teneste i vigslane. De vil få den presten tenesteveke på den ønska datoen.
Ønsker de å at ein annan prest enn tenestegjerande prest skal gjennomføra vigselen er dette mogleg. De må då sjølv avtale med ønska prest.
Alle ordinerte prestar i Den norske kyrkja kan gjennomføra vigsel, men det er viktig at vedkommende prest sender søknad til soknepresten om dette (ei reint formell sak).
Prest/vigslar frå anna kyrkjesamfunn
Dersom de ønsker å bruke prest/vigslar frå anna kyrkjesamfunn, er det mogleg. Det vert då dette kyrkjesamfunnet som utfører vigselen (inkludert). De må då betale leige for kyrkje, kyrkjetenar og organist.
Prisane finn du på denne lenken: Kva kostar det å gifte seg i kyrkja