Dette er ein bryllaupssermoni for dykk som vil ha ein enklare, men likevel høgtieleg sermoni.
- Drop-in-bryllaup er ein heilt enkel vigselsseremoni i kyrkja.
- Det er gratis å gifte seg i kyrkja der ei bur, dersom minst ein i paret er medlem i Den norske kyrkja. Sjå om du er medlem på Min side.
- Å gifta seg i eit drop-in-bryllaup er heilt enkelt, men like stort som å gifta seg i eit vanlig bryllaup i kyrkja.
- Når me inviterer til drop-in-bryllaup krev me ingen påmelding. Men om de ønsker eit eige tidspunkt, slik at de og kan invitere nokre gjester, og ikkje ønsker ventetid, kan de melde inn vigselen på våre heimesider.
- Paret må ha med prøvingsattest frå Skatteetatens nettsider. Dersom de melder inn vigselen, vil me gjerne og ha innsendt prøvingsattesten i forkant. Prøvingsattest må ikkje vere eldre enn månader. Denne får ein normalt ganske raskt.
- Om det ikkje melder opp vigselen, ta med gyldig ID
- Det er ingen kleskode i eit drop-in-bryllaup. Kom som du sjølv ønsker.
- Ta med gjester eller kom åleine - men husk det er 30 minutt mellom vigslane.
Les mer om Drop-In bryllup her: Drop-In bryllup i Den Norske Kirke
