I Time kommune er det 4 seremonistader for gravferd i Time kommune - Bryne kyrkje, Time kyrkje, Time bårehus (livssynsnøytralt lokale til bruk for alle) og Undheim kyrkje. Time kyrkje og Undheim kyrkje er dei kyrkjene som er mest brukt, då desse kyrkjene ligg i tilknytning til gravplassane. Det er allikevel ikkje noko i vegen for å ha gravferd frå Bryne kyrkje om det er meir naturleg.
Seremoniane vert gjennomført:
- Tysdagar 10.30 og 12.30
- Torsdagar 10.30 og 12.30
- Fredagar 10.30 og 12.30
Tid og stad for gravferd vert planlagt i eit samarbeid mellom gravferdsbyrå, prest, kyrkjeverje og gravplassforvaltninga. Time kyrkjelege fellesråd ved Kyrkjeverje koordinerer.



