Ein treng ikkje dåpskjole når barnet skal døypast, sjølv om dette er tradisjon. Ta gjerne på eit antrekk som du synes passer til å markere den høgtidelige anledninga - meir informasjon om dette på kirken.no
MEN for dei som ønkser dåpskjole, men ikkje har i familien :
Me har to dåpskjoler til utlån frå Time kyrkjekontor.
- Den eine er strikka av Alpakka silke og er ei gåve me har fått frå onsdagsdamene på Time frivilligsenter.
- Den andre er ein gammal dåpskjole, gitt av Astrid Nåvik Braut. Den er sydd i tynt, fint bomullsstoff.
Begge disse dåpskjolene er til gratis utlån på kyrkjekontoret. Kyrkjekontoret ordnar reingjering, så det er berre å henta og levera. Ring 51 77 03 77 - kyrkjekontoret, i Erlandsbakken 6.