Dåp i kyrkja

Hovedbilde for tema

Dåp i kyrkja

Barn, unge og vaksne er alle, uansett alder, velkomne til dåp i Den norske kyrkja. I dåpen feirer me at den døypte blir ein del av Guds store familie - den verdsvide kyrkja.

Du kan lese meir om dåp i Den norske kyrkja på lenka kirken.no/dåp.  

Ønsker du samtale om dåp med ein av prestane våre i forkant av dåpspåmelding, ber me om at de sender oss ein epost til: post.time@kirken.no, så formidlar me kontakt. 

Med tanke på personopplysningslova og GDPR forordninga informerer me om at du/de, når barnet vert meldt opp til dåp, samstundes samtykker til at me lagrar kontaktinformasjonen din/dykkar. Kontaktinformasjonen kan då bli brukt i samband med invitasjon til trusopplæringstiltak f. eks babysong, 4 års bok m.m. Du/de kan kva tid som helst trekke samtykket, om du/de skulle ønske det. Meld då frå til kyrkjekontoret  


Har du spørsmål eller treng hjelp, ta kontakt med Time kyrkjekontor på tlf 51 77 03 77 eller send oss ein epost på epostadressen: post.time@kirken.no

Kontakt