Diakoni

Diakoni er:
Alt frå den kvardagslege omsorgen for naboen til internasjonalt engasjement for klimarettferd og nedkjemping av fattigdom.
Evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd.
Vi ønskjer at kyrkjelydane våre er fellesskap:
- som er opptatt av at diakonien er ein naturleg og sentral del av kyrkjelydsarbeidet.
- som inkluderer og ønskjer velkommen.
- der det er godt å vere både i glede og i sorg, og når livet vert vanskeleg.
- der ein møter kverandre med varme og respekt.
- som viser Jesu kjærleik gjennom forkynning og praktisk diakonalt arbeid.
Treng du nokon å snakke med, eller ønskjer du å vite meir om diakoniarbeidet vårt, kan du ta kontakt med ein av diakonane. Kontaktinformasjon finn du nederst på sida
Du kan òg lese meir om arbeidet vårt på nettsida til din kyrkjelyd. Linkane finn du over.