Kyrkja ynskjer å støtta og hjelpa foreldre og fadrar i å oppdra barnet i den kristne trua, slik de sa ja til då barnet vart døypt. Det er dette trusopplæring handlar om. Krøllekveld er difor ein av fleire samlingar kyrkja tilbyr i denne samanhengen.
Gjennom Krøllekvelden ynskjer me å gi foreldre og fadrar lyst til å lesa og reflektera med barna rundt mange av dei spennande forteljingane ein finn i Bibelen.
Me oppmodar særleg fadrar til å bli med i kyrkja denne dagen.
Neste krøllekveld vert hausten 2026. Me legg ut info om påmelding når det nærmar seg.
Velkommen!