Ledig stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar

Ledig stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar 40% fast og 60% vikariat. Søknadsfrist: 28.februar 2022. Sunnfjord kommune har rundt 22.000 innbyggjarar. Hovudadministrasjonen til fellesrådet har kontor i Førde. Vi har 5 kantor-stillingar i organisasjonen, og ein av desse, deltid – 40%, blir ledig frå 1.4.2022. På grunn av permisjonar er det ledig 100% stilling fram til 1.8.22. Det kan bli aktuelt med noko forlenging av vikariat i mindre stillingsprosent. Vi har ansvar for tenester i 6 sokn og det fordeler seg på 12 kyrkjer/kapell.

Ledig stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar

Arbeidsoppgåver

  • Gudstenester og andre kyrkjelege handlingar i kyrkjene, i hovudsak Holsen, Haukedalen og Førde.
  • Speling ved gravferder kan vere aktuelt, evt etter turnusordning, i alle kyrkjene i kommunen.
  • Korarbeid kan vere aktuelt
  • Kontakt med øvrig musikkliv og enkeltpersonar for deltaking i gudstenester og konsertar.
  • Samarbeid med dei andre tilsette, om konfirmantarbeid og andre aktivitetar innan trusopplæring og diakoni i kyrkjelydane.


Du har fylgjande kvalifikasjonar

  • Kantorutdanning, jf utdanning i samsvar med tenesteordning for kantorar.
  • Anna relevant utdanning blir vurdert, også gode ferdigheiter på orgel/piano.
  • Erfaring frå arbeid med fleire musikalske uttrykksformer
  • Erfaring med å bruke IT-verktøy og sosiale media
  • Både snakke og skrive godt norsk


Personlege eigenskapar som det vert lagt vekt på

  • Du er engasjert, kreativ og ynskjer å bidra til å vidareutvikle det musikalske arbeidet i kyrkjelyden
  • Du har evne til å ta initiativ og å fremje kyrkja sin plass i lokalsamfunnet
  • Du evnar å inkludere barn og unge i kyrkjelyden sitt musikkliv
  • Du evnar å skape tillit og er god på å kommunisere
  • Du har stor vilje og evne til samarbeid i staben, med frivillege og andre samarbeidspartnarar
  • Du er fleksibel og løysingsorientert


Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariffavtale for kyrkjeleg sektor
  • Pensjonsordning gjennom KLP
  • KA sitt avtaleverk
  • Rettleiing og eventuelt undervisning ved andre kantorar i fellesrådsområdet


Andre krav og opplysningar

  • Du må vere medlem i Den norske kyrkja, og ha god kjennskap til DNK.
  • Du må disponere eigen bil


Søknadsfrist: 28.februar 2022

Send søknad i Webcruiter.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"