Faste, tilviste plassar
• «Fast» betyr at deltakarane skal sitte på tilviste plassar under heile arrangementet og ikkje bevege seg rundt i lokalet, utover ved nødvendige toalettbesøk eller liknande (f.eks. til dåp, nattverd osv.).
• «Plass» betyr at deltakarane må sitte på et sete/benk/golvteppe e.l. Plassane bør vere plassert for å unngå ansikt-til-ansikt-kontakt.
• «Tilvist» betyr at plassane enten er nummererte eller at verter/vakter viser deltakarane til nærmare bestemte plasser.
Alle til stade skal kunne halde ein meters avstand. Avstand skal målast skulder til skulder i alle retningar.
Deltakarane:
• må vere friske
• har god handhygiene – ta på handsprit når du kjem
• minst mogleg bevegelse i lokalet og minst mogleg berøring av utstyr
Velkomen i kyrkja!
VI SKAL MØTAST
Vi skal møtast
når dette er over,
ved eit bord
i ein smekkfull kafé,
i ei kyrkje,
i midtgangens vrimmel
mot Guds alter
og det som skal skje.
Vi skal feire
Og syngje
og le.
Vi skal gje til kvarandre
eit løfte,
at vi møtast
når vegen er gått.
Når det mørke og vonde er bak oss
Når den prøva vi fekk,
er bestått,
skal vi dele det svar
vi har fått.
Men alt no
veit vi svaret,
vi veit det.
Det å elske kvarandre
er alt,
bere bører når ein har for mykje,
halde oppe
når nokon har falt.
Til å elske,
til det
er vi kalt.
(Tekst: Hans Olav Mørk, 14. mars 2020
Omsetjing til nynorsk: Silje Sørebø)