Smittevernrettleiar for kyrkja er utarbeida av Kyrkjerådet i samarbeid med Bispemøtet, KA - arbeidsgiverorganisasjon for kyrkjelege verksemder og styret i Norges kyrkjeverjelag. Siste versjon er oppdatert pr 16.6.2020, og kan lesast her:
https://kirken.no/nb-NO/infotilmedarbeidere/smittevernveileder%20for%20den%20norske%20kirke/
Generelt gjeld fortsatt:
- Sjuke personar skal ikkje ta del i fysiske samlingar
- God handhygiene (handvask med såpe, eller handsprit)
- Hald avstand til andre
- Minst mogeleg felles bruk og berøring av utstyr
Fleire kan delta i samlingar etter 15.6.
Frå 15.6. er det opna opp for inntil 200 deltakarar ved offentlege arrangement, under føresetnad av at det er minst 1 meter avstand mellom personar/hushaldningar. Ingen av kyrkjene våre er store nok til å ha inne 200 personar, når avstandsregelen gjeld.
For kyrkjene våre er det mindre enn 1 meter avstand mellom benkene, og vi brukar difor annakvar benk.
1 meter avstand i benkene betyr 2 sitjeplassar imellom.
Kommunelegen har gitt oss fylgjande defininsjon på «hushaldning»: Personar som permanent bur under same tak.
Basert på at det i hovudsak er enkeltpersonar eller par som kjem saman til kyrkje har vi kalkulert denne kapasiteten i kyrkjene våre:
Kyrkje |
Tal sitjeplassar |
Viksdalen |
60 |
Sande |
70 |
Bygstad |
60 |
Vassenden |
100-140* |
Ålhus |
40 |
Helgheim |
80 |
Førde |
120 |
Holsen |
50 |
Haukedalen |
30 |
Naustdal |
150 |
Vevring |
42/60** |
*) 140 når det er opna opp for ekstra lokale ved sida av kyrkjerommet.
**) 60 plassar hvis opning til kyrkjestova bak, og der er 18 enkeltplassar
Oversikt over deltakarane
Det er fortsatt krav til registrering av deltakarane på arrangement, for å sikre eventuelt behov for smittesporing. Namnelistene blir oppbevart i 14 dagar og så makulerte.