Kyrkjeklokkene ringer for Gaza
Torsdag 7.august kl 15 ringer kyrkjeklokkene frå landets domkyrkjer, og andre kyrkjer også, for alle som lid i den ufattelege krigen på Gaza. Biskopane i Den norske kyrkja har teke initiativet til denne markeringa fordi den humanitære situasjonen på Gaza er så heilt forferdeleg - for borna, for dei som ikkje ser vona for morgondagen, for gislane som er tekne til fange. Fleire stader i Sunnfjord vil kyrkjeklokkene ringe denne torsdagen, og det blir open kyrkje i Førde kl.14.30-15.30 og i Naustdal kl.14.45-15.30.
Les meir