Diakonien har eit spesielt ansvar der få eller ingen bryr seg. Det grunnleggjande er gjensidig teneste og vørdnad for kvarandre. Globaliseringa utfordrar diakonien spesielt. Kulturelt og etnisk mangfald gir kyrkjelyden eit rikare liv. Menneske som lid, vedkjem oss anten dei er nær eller held til i andre land. Vern om skaparverket handlar om eit globalt og eit lokalt ansvar. Dei diakonale utfordringane er samanfatta i nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd.
Oppsummert blir diakoni definert slik i Plan for diakoni i Den norske kyrkja (Kyrkjerådet 2010):
Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykk gjennom:
- Nestekjærleik
- Inkluderande fellesskap
- Vern om skaparverket
- Kampen for rettferd