TV-Aksjonen 2021

Årets TV-aksjon går til Plan International Norge og deira arbeid mot barneekteskap i landa Bangladesh, nepal, Mali, Niger og Malawi. Bispemøtet stiller seg bak TV-aksjonen og vil oppfordre kyrkjelydar i Den norske kyrkje til å støtte aksjonen.

Publisert:

TV-Aksjonen 2021

Kvart tredje sekund blir ei jente gifta bort ein stad i verda. I internasjonal samanheng er så mykje som kvar femte jente gifta bort som barn. Årsakar til barneekteskap er blandt anna fattigdom, men også patriarkalse og religiøse tradisjonar. Viktige motkrefter vil derfor vere utdanning, likestilling, utfordring av kulturelle og religiøse normar, samt mulighet for kvinner til å tene sine eigne pengar.

I fleire av landa for årets TV-aksjon er barneekteskap forbudt ved lov. I praksis viser det seg at desse lovene ikkje blir etterfulgt. Eit såkalla "barneekteskap" er synonymt med legitimering av overgrepog voldtekt. Dei jentene som blir gravide under desse forholda blir utsatt for store skadar, både psykisk og fysisk. Kampen mot barneekteskap er kamp mot overgrep og kamp mot borna sine rettigheter og deira fridom.

Det er ofte religiøse leiarar som gjennomfører ekteskapsritualet. Samarbeid med blandt anna lokale og religiøse leiarar er derfor sentralt for å kunne motivere til å endre tradisjonar og praksis.

Vi er mange som må stå saman for at jenter skal få vere barn, og ikkje brud.

Artikkel henta frå Bispemøtet 30.september 2021, Den Norske kyrkja 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"