Bryllaup i Sula kyrkjelyd

Bryllaup er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og onde dagar livet ut.

Eit bryllaup i kyrkja kan vere enkelt eller påkosta. Å inngå ekteskap er ei offentleg handling. Brudefolka kan vere unge eller godt vaksne. Den norske kyrkja tilbyr kyrkjeleg vigsel til alle par som ynskjer dette. Kyrkjemøtet vedtok i 2017 ein ny liturgi, som kan nyttast både av likekjønna og ulikekjønna par.

Dei som blir vigde kan feire dagen med familie, slekt og venner - eller dei kan seie ja til kvarandre med berre prest og forlovarar til stades. Stort eller lite bryllaup – i kyrkja vert livet lagt fram for Gud med bøn om velsigning. Par som har gifta seg borgarleg er også velkomne til kyrkja for å be om forbøn for samlivet.