Konfirmasjon

Konfirmasjonstida er ei tid for refleksjon og oppleving. I løpet av konfirmasjonstida får ungdommane vite meir om seg sjølve, Gud og kristen tru, og om kva trua kan bety i kvardagen.

Vi har eit variert konfirmantopplegg, og som konfirmant vel du ei gruppe som du følgjer gjennom året. Nokre døme på slike grupper er klubb, film, kunst, friluft og leir.

I tillegg er konfirmantane med på gudstenester, Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon og nattcup. Konfirmasjonstida skal fremje opplevinga av eigenverd og leggje til rette for at konfirmantane kan sjå seg som skapte, elska, frelste og haldne oppe ved Guds kjærleik. Konfirmantane skal arbeide med eiga tru og undring gjennom samtale og refleksjon.

Konfirmasjonsgudstenestene på Sula er den fyrste og andre helga i mai. Påmelding til neste konfirmantår startar i juni. For året 2024 er konfirmanthelgene fordelt slik: 04.05-05.05, Indre Sula, 11.05-12.05, Langevåg. Med forbehald.


Artikkelsnarveger

Kan ikkje laste video uten samtykke for bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.