Velkomen til gudsteneste i pinsa:
28.05.23 kl. 11.00 i Langevåg kyrkje - Dåp, nattverd og kyrkjekaffi
29.05.23 kl. 11.00 utegudsteneste på Tusenårsplassen* i Langevåg - Kyrkjekaffi Sulatun
*Ved dårleg vær blir gudstenesta flytta inn på Sulatunet.
Pinse
Pinse er ei kristen høgtid. Den feirast til minne om då Den heilage ande kom over apostlane og lot dei snakke på andre språk enn sitt eige, så alle folkeslag kunne forstå forkynninga om Jesus sitt bodskap.
Pinsa er ei kristen høgtid, og bakgrunnen for den kan man lese om i Apostlane sine gjerningar kap. 2: Det har gått 50 dagar sidan påske, då Jesus på langfredag ble korsfesta og gravlagd, og på påskedagen stod opp att frå dei døyde. På Kristi himmelfartsdag blei Jesus tatt opp til himmelen, men før Jesus tok avskjed med disiplane lova han at dei ville få ein talsmann som kunne tale på deira vegne. Denne talsmannen er Den heilage ande (Johannesevangeliet kap. 14,16-31).