Påskehelsing frå prosten

Opp i alt det usikre vi opplever, er det påsketid. Ho handlar også om det som djupast sett er håplaust, men som får si løysing.

Påskehelsing frå prosten

Vi lever i ei underleg tid med begrensningar vi aldri har sett maken til. Mange er bekymra. Nokre er redde og mange synest det blir både håplaust og einsamt. Det er eit sakn å ikkje kunne samle venner og storfamilia rundt seg, og det er slitsamt å ikkje vite når det heile kjem til å gå over.

Her eine dagen kom det eit bilete frå nokre av barnebarna, - måla på stovevinduet i regnbogens fargar og med teksta: «Alt blir bra».  Bildet viser også håpefulle barneansikt som har tru på at vi skal tilbake til normalen. Dette fekk meg til å tenkje tilbake til ein håplaus og krevjande situasjon eg opplevde på Geirangerfjorden i eigen båt midtvinters, like etter eg var komen som prest til Sunnylven og Geiranger. Denne iskalde seinettermiddagen og februarnatta, hadde eg fått motorstopp, og dreiv timesvis, hjelpelaust omkring mellom Dei sju søstre og Friaren. Ingen kommunikasjon. To små born om bord.  Naudrakettar vart skotne opp då kveldsflyet frå Oslo passerte over oss, i håp om at dei skulle oppfatte vår naud. Bøner gjekk også rett til vers…

Midt i denne fortvilinga slo det ned i meg: Dette går sikkert bra. Neste onsdag er eg som planlagt på veg innover mot Geiranger igjen til konfirmasjonsundervisning, institusjonsbesøk og ungdomsklubb….  Ja da. Hjelpa ho kom frå både Sunnylven og Geiranger etter at Hovudredningssentralen og Vårherre var alarmert..

Opp i alt det usikre vi opplever, er det påsketid. Ho handlar også om det som djupast sett er håplaust, men som får si løysing.  «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg», er langfredagen sin tydelege bodskap.  Kontrasten blir så stor frå denne dødsdagen til oppstoda sin morgon med englebodskapen frå den tome grava: «Han er ikkje her! Han har stått opp».
Så gjekk det over der også, djupast sett for at vi også ein gong skal kunne få gå over….
«Frykt ikke mere! Evig er han med. Troens øye ser det: Han gir liv og fred»

Ei retteleg GOD PÅSKE

frå Svein Runde
Prost i Nordre Sunnmøre prosti

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"