Kirsti Evensen Bjåstad ordinert til prest

Det vart ein stor dag i Langevåg kyrkje søndag 21. oktober då biskop Ingeborg Midttømme føretok ordinasjon av Kirsti Elise Evensen Bjåstad.

Publisert:

Kirsti Evensen Bjåstad ordinert til prest

Kirsti kjem frå Myhre i Vesterålen. Bjåstad-namnet har ho fått gjennom ektemannen frå Hareid. Saman har dei no busett seg i Sula. Kirsti har vore kateket på Stiklestad, og prestevikar i Lofoten. Gjennom desse oppgåvene har no modnast til å sjå prestetenesta som eit kall for seg. I gudstenesta la ho fint ut preiketeksta med eit svært personleg preg. Koret Voxing var med, prestar, prost og representantar frå lærestadane ho har utdanna seg ved var også til stades.

Tradisjonen tru samla kyrkjelyden også i år inn ei gåve til TV-aksjonen, og heile 12.480,- kr. blir gitt vidare til Kirkens bymisjon som er mottakar av årest innsamlingsaksjon.

Etter gudstenesta vart det kyrkjekaffe på Mauseidvåg bedehus. Her var det mange fine talar, og gåveoverrekkingar. Fleire var det av Kirsti si familie som hadde reist langt for å vere med på denne store høgtida.

Sula sokn gler seg over å ha fått ein så flott prest. Ta vel imot henne.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"