Velkomen til opne kyrkjer - allehelgen

Første helga i november er det allehelgen og Sula kyrkjelyd opnar begge kyrkjene laurdag 05.11 frå kl. 13.00-16.00. Her kan ein komme for ei stille stund, for lystenning, for musikkmeditasjon eller for ein samtale. Vi serverer kaffi med noko attåt. Varmt velkomen!

Velkomen til opne kyrkjer - allehelgen

I år er allehelgen 5.-6. november. Dette er helga då kyrkjer over heile landet har opne kyrkjer for dei som har mista nokon. Under open kyrkje kan ein komme for ei stille stund, for lystenning, for musikkmeditasjon eller for ein samtale.

I Sula kyrkjelyd har vi open kyrkje laurdag 05.11 frå klokka 13.00 til 16.00 i både Indre Sula kyrkje og Langevåg kyrkje.

Våre medarbeidarar deler ut lys med en invitasjon til å dele ei bøn på kyrkjas digitale bønevegg, og til å tenne eit lys for håpet og saknet av ein kjær.

Om det er behov for sorgsamtale og eventuelt deltaking i sorggrupper – så kan ein melde sitt behov på eige skjema i kyrkjene under open kyrkje laurdag 05.11 og vi tek kontakt i etterkant for oppfølging i høve sorgsamtaler og vidareformidling i høve sorggrupper.

Ønska av mange

Open kyrkje over heile landet allehelgen blei gjennomført første gang i 2019. Ei undersøking utført i etterkant av allehelgen for tre år sidan, viste at 1,7 millioner nordmenn ønska at kyrkjene er opne oftare.

Kyrkjelydane sitt tilbud allehelgen og elles i året står oppført i https://skjerikirken.no/ eller på Sula sokn si heimeside – kyrkja.no/sula.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"