Sommarhelsing frå Estland og NMS

Prest Magne Mølster fortell litt frå livet i Estland: Det er no ni år sidan vi blei sendt ut som misjonærar for NMS. Oppdraget var å plante kyrkjelyd, støtte barne- og ungdomsarbeidet, og - viste det seg seinare - være med å bygge kyrkjebygg her i Saku...

Sommarhelsing frå Estland og NMS

Kona mi, Ave, er estisk - så ho kunne gå igang med arbeidet her i Estland med det same, mens eg måtte lære meg språket først. Det gjekk så bra som ein kan håpe med 14 kasus (28 hvis vi reknar med fleirtallsformene). Framleis dukkar det opp nokre språklege blunder, men folk forstår - og får seg ein god latter somme tider.

NMS er involvert i to kyrkjelyds-plante-prosjekt i Estland. Dei har også fleire andre prosjekt pågåande saman med EELK - den lutherske kyrkja i Estland: Mustamäe ktrkjelyd (ein bydel i hovudstaden Tallinn med omlag 65 000 menneske) og Saku kyrkjelyd (ein tettstad med snaut 11 000 innbyggarar utanfor Tallinn. Desse områda vaks seg store i den ateistiske sovjetida. På den tida vart ikkje kyrkjer bygd, snarare tvert imot - kyrkjene vart stengde.

I starten var vi involvert begge stader, men etterkvart har vi hatt meir enn nok med arbeidet i Saku. Samstundes så har eg fått oppgåva med å være NMS sin landskoordinator i Estland, så det blir ein del oppgåver knytta til prosjekt og informasjon retta mot Noreg utanom det lokale arbeidet. Vi fekk være med å stifte Saku St. Thomas menihet i 2013. Først var vi 12 medlemmar. I dag er vi 127. I tillegg er det mange som er med på kyrkjelyden sine aktivitetar som høyrer til i ei anna kyrkje, eller ikkje er døypt og derfor ikkje medlem.

Då vi kom til estland forstod vi at det var planar om å byggje kyrkje. Sjølv om planane allereie hadde eksistert i 15 år før vi kom, så var det greit at dei likevel ikkje kom for tidleg. Kyrkjebygg utan bærekraftig kyrkjelyd treng ikkje alltid å vere ein velsigning. Men i fjor var tida mogen, og vår ærverdige bønnekjempe Mihkel Reinup (86) fekk æra av å ta det første spadestikket. Vi bygde kyrkje så langt pengane rakk i fjor, før vi tok ein pause litt før jul. I mai dette året starta vi opp att med bygginga, så får vi sjå kor langt vi kjem innandørs denne sesongen.

NMS støttar bygginga, men mesteparten av finansieringa av kyrkjebyggetkjem frå andre stader - mest frå Estland. Ein del av arbeidstida mi no om dagane går med til å ha kontakt med givarar og drive litt "reklame" for å støtte kyrkjebygginga.

Vi har motteke mange postitive tilbakemeldingar på kyrkjebygget og det syns vi er stor stas. Bygget er både sakralt og moderne, og at det er det fyrste kyrkjebygget på denne kanten av Europa med solenergi. Som ein del kanskje veit så er klassiske kyrkjebygg vendt mot aust. Dette grunna at det er i aust sola står opp, og aust er eit symbol på Jesu oppstendelse og det nye livet vi får når vi blir døypte og med trua vår. Når alteret står mot aust, vil takgavlane vende mot nord og sør. Den skrå vinklinga til kyrkjetaket mot sør er rett og slett "skreddarsydd" for solenergi.

Livet i Estland er stort set bra! Vi hadde unntakstilstand her i to månader grunna korona. Per dags dato er det kun meldt inn 68 avlidne i landet grunna pandemien. Eit relativt lavt tal når befolkninga totalt er på 1,3 millionar. Vi satsar på at det ikkje kjem ein ny runde til hausten. Frå og med andre helga i mai fekk vi lov til å samlast til gudsteneste igjen. Før det vart alt streama over internett. Bedehuset der vi samlast er dessverre for lite til at vi kan samlast innandørs. Vi har derfor utegudsteneste heile sommaren og ber om godt og teneleg ver.

Det er elles mykje som kan seiast om arbeidet her og om kyrkjelyden. Kyrkjelyden har veldig mange forskjellige slags folk: Både dei fattige og dei som sit litt betre i det, funksjonshemma og funksjonsfriske, unge og gamle, kvinner og menn. Det at vi er så forskjellige kan nokre tider være utfordrande. Samstundes er det berikande. Ulikheiter og forskjellar gjer at det kan være lettare for nye å finne seg til rette.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"