Misjonsgudsteneste og 10-års jubileum

Førstkommende søndag er det misjonsgudsteneste i Langevåg kyrkje, og vi feirar at det er 10 år sidan Misjonsforeninga Ester vart etablert. Velkomen.

Dei flotte damene i Misjonsforreninga Ester

Misjonsgudsteneste og 10-årsjubileum

På søndag er det misjonsgudsteneste i Langevåg kyrkje. Sokneprest Anders Barstad, misjonsforeninga Ester og diakon Ingvild Snipsøyr med fleire ynskjer alle varmt velkomen. Tidlegare diakon på Sula, Asbjørg Oksavik Sve held preike denne søndagen. Det blir dåp av 4 dåpsborn, nattverd og kyrkjekaffi.

Vi vil ha fokus på Sula kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt som er menighetsbygging i Estland. Her støttar vi to menigheter i Mustamäe og Saku som begge har gått frå å vere to små grupper i små lokaler, til no å ha fått bygd seg kyrkjebygg og driv menighetsarbeid for alle aldersgrupper. Enda står det igjen ein del for å ferdigstille desse kyrkjebygga og dei treng difor framleis vår støtte til det arbeidet dei driv. Snart skal desse menighetene sende ut estiske medarbeidarar som skal vere med å starte nye menigheter andre stader i Estland.

For 10 år sidan blei det etablert ei misjonsforening i Sula kyrkjelyd som heiter Ester, og dei har vore ei drivkraft for dette misjonsprosjektet. Den innsatsen dei har lagt ned i å samle inn pengar til misjonsprosjektet og det flotte arbeidet som skjer i Estland er verdt å feire. Det vil vi markere i gudstenesta og med ein utvida kyrkjekaffi etter gudstenesta. Velkomen til gudsteneste!

Les gjerne meir om Misjonsprosjektet i Estland ved å klikke på linkane under:

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"