Ledig stilling som konsulent

Sula kyrkjelyd søkjer etter ny konsulent til kyrkjekontoret.

Ledig stilling som konsulent

I staben har vi for tida: sokneprest, seniorprest, kantor, kateket, kyrkjelydspedagog, diakon, konsulent, kyrkjetenar og kyrkjeverje. Sula sokn har gudstenester og barne- og ungdomsarbeid som satsingsområder. Sula sokn er også gravferdsforvaltar i Sula kommune.

Det er to kyrkjer i soknet. Langevåg kyrkje, i tettstaden Langevåg og Indre Sula kyrkje, ei arbeidskyrkje frå midten av 80-talet på indre delen av kommunen. Det er ca. 10 km avstand mellom desse kyrkjene. Kyrkjelyden sine kontorfunksjonar er samla i Langevåg, med eiga kontoravdeling i Rådhuset.

Sula kommune er ei kommune i vekst og ei nabokommune til Ålesund. Kommunen har eit folketal på ca. 9000, og kommune og sokn har same grenser. Her er vakker natur og av den grunn rikt høve til friluftsliv.

Stillingstype

Det er ledig 80% fast stilling som konsulent ved kyrkjekontoret.

Arbeidssituasjon

Konsulenten tek imot dei aller fleste førespurnadane som kjem til kyrkjekontoret, og utgjer også ein sentral del av administrasjonen i verksemda. Det blir stilt krav til digital kompetanse, og kvalitet og nøyaktigheit er viktige verdiar. Vi er i gang med ei omstilling til ein meir digital kvardag, og konsulenten vil dagleg arbeide med fleire digitale fagsystem. Konsulenten vil ved enkelte høve også ta del i enkelte arrangement og aktivitetar som skjer i kyrkjelyden. Konsulenten er næraste medarbeidar til kyrkjeverja.

Hovudoppgåver

Vi søkjer etter deg som likar å arbeide med digitale verktøy, og som evnar å arbeide strukturert og nøyaktig. Det er viktig at du er positiv og hjelpsam i møte med publikum. Du vil m.a. ha ansvar for kyrkjebokføring, postmottak, arkiv, sentralbord og fakturering. Då oppgåvene er mange, må du kunne prioritere.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer primært ein medarbeidar med relevant erfaring og høgare utdanning.

Du må elles:
Ha gode kunnskapar innan IT-verktøy
Være innovativ og resultatorientert
Evne til å reflektere og sjå samanhengar
Kunne arbeide godt sjølvstendig og i team
Ha gode kommunikasjonsevner
Ha evne til å formulere deg godt skriftleg på målføre nynorsk
Ha personlege eigenskapar som passer dei oppgåver som er nemnt

Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja.
Ved tilsetting vert det framstilt krav om politiattest.

Vi tilbyr

  • Stillinga lønast som konsulent p.t. kr. 376.200 – 450.500 brutto pr. år.
  • Varierte arbeidsoppgåver i trivelege omgjevnader
  • Bedrifthelseteneste
  • Pensjonsordning i KLP

Opplysningar om stillinga kan ein få ved Sula kyrkjekontor tlf. 70 19 96 00. Informasjon om Sula kyrkjelyd er også tilgjengeleg på heimesida vår: kyrkja.no/sula.

Søknad med CV vert å sende til Sula sokn, postboks 228, 6039 Langevåg eller e-post: kyrkjekontoret@sula.kommune.no

Attestar og vitnemål må takast med ved eventuelt intervju.
Det vert kravd framlagt politiattest ved tilsetting.

Søknadsfrist: 22. mai 2018.
Startdato: 15. august eller etter avtale.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"