Kyrkjene opne for dåp og vigsel

Kyrkjene i Sula sokn er opne for dåp og vigsel, også i desse dagar då det ikkje er vanlege gudstenester. For å avtale om dåp eller vigsel tek ein kontakt med kyrkjekontoret.

Foto: Jan Erik Hovland

Grunna tida vi er inne i så må vi no registrere forespurnad om dåp manuelt. Det digitale skjemaet som vi har hatt på nettsida er ute av drift noko som betyr at ein må ringe kyrkjekontoret for å få vite aktuelle dagar for dåpsgudstenester, sjå kontaktinfo nedst på denne sida. Vi ser fram til å hjelpe deg.

Verda og kvardagen vart drastisk endra då koronakrisa råka oss. Men midt i den uroa som har oppstått er det ekstra sterkt å feire dåp. I dåpen vert nemleg vår forteljing knytt saman med Guds forteljing. Vi får ein stad å høyre til som er større enn oss sjølve, ja større enn alt anna vi kjenner til. Midt i uroa får vi eit ankerfeste for livet. Vi får høyra til hos Gud. Så sjølv om det ikkje er mogeleg å samla familie og venner til feiring av dåp på same måten som før, så vert det likevel både dåp og fest, midt i koronakrisa.

Vigsel er og ein viktig feiring som kyrkja gjerne vil legge til rette for i denne tida. Kjærleiken mellom to mennesker og Guds velsigning over ekteskapet er sterkt og evigvarande og sjølv om tida no er annaleis så er det mogleg med kyrkjeleg vigsel i eit litt anna format. 

Ein kan til dømes bli vigsla av prest i kyrkja no og få til ein vigselsvelsigning i kyrkja med venner og familie når krisa er over og alt er tilbake til normalt igjen. Ta kontakt med kyrkjekontoret så finn vi ei løysing saman. 

Spørsmål og svar

Kva er dåp?
I dåpen blir vi møtt av Guds kjærleik. Den er eit verkekraftig teikn som gjev oss del i Guds frelse og ei gåve som det berre er å ta imot, uansett når i livet vi blir døypte.

Kor mange kan være med i kyrkja?
Det er ikkje opna for vanlege gudstenester, og ein ynskjer ikkje å samla fleire enn nødvendig. I Sula kommune kan ein no samlast maks 50 stk. (Inkl. ansatte i kyrkja) ved kyrkjelege handlingar som dåp, vigsel og gravferd. Vanlege reglar om 1 m avstand og andre smitteførebyggjande tiltak, gjeld. Ved fleire enn eit dåpsborn same dag så ynskjer vi gjerne at kvart dåpsfølge kun har dei næraste til stades - maks 15 stk. Men dette avhenger heilt av kor mange dåpsbarn vi har. Vi vonar ein god dialog kan legge til rette for kvar enkelt ynskje.

Kan vi ha dåp utan fadrar?
Viss det er naudsynt kan ein ha dåp utan fadrar til stades, men minimum to vitner.

Er det aldersgrense for dåp?
Nei, alle som ikkje er døypt, kan bli døypt.

Kan vi fotografere eller filme i kyrkja?
Ja, det er fint å ha med nokon som kan ta bilde eller video, slik kan også dei som ikkje kunne vera til stades, få oppleva handlinga.

Vi har dåpskjole til utlån
På kyrkjekontoret har vi ein dåpskjole til utlån - Les meir

(Hovudartikkel er henta frå Bjørgvin bispedømme si heimeside og skriven om litt).
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"