Kveldsgudsteneste 10.mai kl. 18 i Langevåg kyrkje

Det er opna for at kyrkjene kan starte med gudsteneste igjen og vi gler oss til å kunne samlast til kveldsgudsteneste allereie no på søndag i Langevåg kyrkje kl. 18.00. Ivaretaking av restriksjonar i høve smittevern er gjeldande og det er kun maks 50 stk. som kan være samla (inkl. tilsette i kyrkja). Velkomen!

Langevåg kyrkje. Foto: Øyvind Kåre Sunde

Sokneprest Anders Grytten, kantor Håvard Sveås og diakon Ingvild Snipsøyr ynskjer velkomen til kveldsgudsteneste i Langevåg kyrkje søndag 10.mai få kl. 18.00 til 19.00.

Det er kun mogleg å samle 50 stk. deltakarar (inkl. tilsette i kyrkja) så ynskjer ein å være delaktig i denne gudstenesta så kan det være lurt å møte opp litt før for å få anvist sitteplass.

Det er tatt hensyn til smittevernsrestriksjonar og vi ber om at 1 meters regelen blir overhaldt, samt at ein nyttar desinfiseringsmiddel på hender før ein kjem inn i kyrkjerommet. 
Menneske frå same husstand kan sitte på same benk, elles gjeld øvrige reglar.

Det er flott om ein kan unngå å stimle saman utanfor kyrkja både før og etter gudstenesta.
Kjenner ein på symtom og ikkje føler seg heilt frisk så er det best for alle at ein held seg heime.

Vi gler oss over at vi no kan møtast til gudsteneste igjen og ynskjer velkommen tilbake til kyrkja!

 

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"